Svanøy - "Sunnfjords perle" - passar perfekt til sykling for både vaksne og born. Her finn du små vegar med så og sei ingen trafikk, fint sykkelterreng, vakker natur og mange flotte attraksjonar.
SYKKELUTLEIGE:
Svanøy Handel (i Svanøybukta) tilbyr sykkelutleige:
- 10 syklar for vaksne
- 2 syklar for born
- 2 barnesete
For bestilling, kontakt Ole Svanøe, tel: + 47 57 74 00 29.
Svanøy har ei rik og mangfaldig historie frå tida som adels- og futsete med gruvedrift, haugianarar og restar etter vikingstida. Svanøy Hovudgård frå 1600-talet, Erikstad Gard og Norsk Hjortesenter må du få med deg når du besøker Svanøy. Her er også ei fin badestrand som passar flott om du reiser med barn.
Ved Svanøy Handel er det ruteanløp, gjestehamn, kro/bakeri, landhandel. Ein møteplass for båtfolk, innbyggjarar og ferierande. På kroa får du ferske bakevarer, frukost, lunsj og middag. Du kan også nyte eit godt glas øl eller vin. Sjøbuer/hytter til leige.