Annonser

Skriv utSkriv ut

Florø


GPS koordinater
Breddegrad: 61.5996188
Lengdegrad: 5.034627
Avstandar
Bergen244 Km
Oslo532 Km
Ålesund275 Km
Beskrivelse
Florø karakteristikker:
Koordinater: 61°35′55″ N 005°01′02″ Ø
Areal: 5.98 km²
Befolkning: 11 408 (2008)
Bystatus: 1860 (Nr. 48)

Florø er Norges vestlegaste by og byr på sjarmerande småbyliv. Her kan du nyte småbyidyllen samtidig som du har kort avstand til spanande aktivitetar og naturopplevingar. Omkransa av hav, fjell og ein vakker skjergard er Florø ei perle for naturentusiastar. Øyar som skyt opp av havet innbyr til spektakulære toppturar i havgapet. Skjergarden byr óg på flotte forhold for padling, dykking og sjø- og havfiske. I sentrum er Brandsøyåsen eit populært turmål som byr på vakker utsikt over byen, øyane i vest og fjordane i aust.

Kystmuseet i Sogn og Fjordane ligg i Florø. Museet ligg i eit variert kystområde bunde saman med spaservegar og bruer. Utstillingane på museet viser m.a. lokale båttypar, fiskeri, fraktefart, interiør i ein fiskarheim på byrjinga av 1900-talet, lokal fauna og ei av dei største permanente oljeutstillingane i landet.

Florø er ein by med sjel og engasjement. Byen starta si historie i dei ”gode sildeåra” og vart tildelt bystatus i 1860. I dag, 150 år seinare er Florø vokse fram til å bli ein innovativ, jordnær og kompakt by – ein framtidsby perfekt tilpassa det moderne liv.

KULTUR OG IDRETT:
Florø har eit aktivt og variert kultur- og idrettsmiljø med m.a.:
- kulturskule
- musikk-, kor- og revymiljø
- dans
- idrettshall
- symjehall
- fotballbaner
- løkker
- .....og eit mylder av idretts- og fritidsorganisasjonar.


FLORØ ER LANDSKJENT FOR:
- Verdas lengste sildebord
- å være ein internasjonale idrettsarena m.a. med Florø Internasjonale Friidrettssfestival
- Sagaøya Kinn der du kvart år kan oppleve Kinnaspelet
- Svanøy kor du m.a. kan oppleve nasjonalt hjortesenter
- Helleristningane i Ausevika og Kystmuseet som gjev eit historisk perspektiv

NATURBASERTE OPPLEVINGAR:
Florø er også eit perfekt utgangspunkt for naturbaserte ferieopplevingar som m.a.:
- kajakk i skjergarden
- toppturar til dei vakre øyane ute i havet
- segling
- kystrafting med Rib-båt

NÆRINGSLIV:
Næringsliv er eksportretta og hovudnæringane er fiskeindustri, skipsbygging, forsyningsbase oljeindustri og servicenæring.

KOMMUNIKASJON:
- 2 daglege avgangar (lørdag ein) med Ekspressbåt Bergen- Florø.
- Daglege avgangar med NOR-WAY bussekspress til Trondheim, Ålesund, Bergen og Oslo.
- Hurtigruta har også stoppestad i Florø.
- Fleire daglege Direktefly frå Oslo (1 t) og Bergen (25 min. Flyplassen som er fylkets største ligg sentralt til med få minuttars køyring til sentrum og hamna.


Florø byr på rike opplevingar for både innbyggjarar og besøkjende.

Velkomen til Florø – den perfekte byen for det gode liv!



BYDELAR:
Havreneset
Krokane
Solheim
Brandsøy
Botnaholten
Tua
Relaterte produkter
Copyright © www.fjordkysten.no

Flora

Flora Kommune

Flora Innbyggernavn Floraværing Adm. senter Florø Status Kommune Land Norge Fylke Sogn og Fjordane Areal 693 km² Befolkning 11 458 K.nummer 1401 Målform Nynorsk Internettside Internettside Politikk Ordfører Bente Frøyen Steindal (Ap)...

Copyright © Havhesten

Flora

Havhesten

Er vêret av det fuktige slaget kan ein trekke inn til Havhesten i Florø som har aktivitetar for store og små, med masse vassglede. Havhesten tilbyr eit bra utval av badeartiklar og det er høve til å leige badeutstyr. Annlegget ligg flott til med...


Kontaktinformasjon

Visit FjordKysten AS
Strandgata 42
6900 Florø
E-mail: mail@fjordkysten.no

Sunnfjord Næringsutvikling
PB 133
6801 Førde
E-mail: post@sunnfjord.no

Turistinformasjon

Flora Turistinformasjon: +47 57 74 30 00

Førde Turistinformasjon: +47 57 82 22 50

Jølster Turistinformasjon: +47 57 72 85 88

Kalvåg Turistinformasjon: +47 48 14 04 88

Svelgen Turistinformasjon: +47 917 41 562

Gulen, Solund, Hyllestad, Fjaler og Askvoll: +47 57 73 90 20

 

FjordKysten_web_svart