Brandsøyåsen er et kjempeflott utsiktspunkt midt i Florø, som kan nås til fots og med sykkel.
Brandsøyåsen er det viktigaste fotturområdet i kommen, fordi det ligg slik til at det fungerer som nærområde for omlag 80% av kommunen sine innbyggarar. Etter at Telenor bygde veg frå austsida, synast det som bruken av området har auka. Det er elles stiar til toppen av åsen frå mange kantar. Stiane er merka med fine treskilt.
1. Sti frå Nybømarka/Fagerdalen.
Svært mykje brukt. Ein kjem inn på stien frå Nybømarka, Dyreholtvegen, Krokavegen eller Botnaholten. Dette er den vanlege stien til åsen for folk som bur på Krokane. Gjennom Fagerdalen er det opparbeid grusa gangveg mellom Krokavegen og Ragnarrud-området. Stien vidare var mange ganger svært fuktig, men er no mykje betre etter dei utbetringane som Ottar Joleik har utført på eige initiativ. Han har drenert fuktige parti, lagt ut steinar, og i nokre delar lagt om heile sti-traséen. Desse tiltaka har auka bruken av stien. Ca. 3/4 times gange til toppen. Detter er den lengste vegen opp, men også den mest varierte. Denne stien blir kryssa av sambandsvegen mellom bustadfelts Botnaholten og Solheim.
2. Sti langs Kvernhuselva på Solheim.
Ved sida av ovannemde, er dette den mest brukte stien til Brandsøyåsen. Florø-folk vel ofte denne vegen, som er den kortaste til toppen. Problematisk parkering, det er uråd å parkere meir enn 3 bilar på lovleg vis her. Stien er myrlendt og fuktig i øvre del av Tofleskaret. Ca. 1/2 time til toppen.
3. Sti frå Solheimsstranda.
Mindre brukt enn 1 og 2, men eit fint alternativ. Svært vanskelege parkeringstilhøve, høgst 2 bilar kan parkere her. Bratt sti første stykket, deretter eit svært fint parti gjennom gamal furuskog. Nokre fuktige parti. Vel 1/2 time til toppen.
4. Telenor sin veg frå Brandsøy Planteskule.
Ca. 2,5m brei veg med oljegrus. Etterkvart mykje brukt som spaserveg og sykkelveg opp til toppen. Godt alternativ for eldre eller funkjonshemma, men også for andre, t.d. familiar med barnevogn. Her kan ein gå søndagstur utan å kle og sko seg for ein tur i marka. Ved vanskelege vêr- eller føretilhøve, t.d. store nedbørsmengder eller 1/2m våt snø i skogen, er vegen eit brukbart alternativ for alle. Vegen blir brøytt om vinteren. Fin akebakke når det er mykje snø om vinteren! Det er liten tvil om at denne vegen har auka bruken av Brandsøyåsen til turformål. Ca. 40 min spasertur til toppen.
5. Havikbotn-Skaret-Brandsøyåsen.
Lite brukt rute. Brukbar, delvis tydeleg sti opp den bratte bjørkelia før ein kjem inn på hovudstien til toppen. Tid opp ca. 1/2 time, ei svært kjapp rute.
6. Krokane skule - Brandsøyåsen.
Stien startar frå Dyreholtvegen, og går opp den bratte liar sør for Botnaholten. Noko myrlendt første stykket etter oppstiginga. Etter 10 minutts gange kjem ein inn på rute 1. Ca. 40 minutt til toppen.
Nokre mindre brukte ruter er også innteikna i kartet. Ikkje glem å skrive deg inn i turboka på toppen!