Seiling og vandring
Bli med på ein segltur ombord i vår seglyacht. Vi kombinerar turen med ein av dei mest spektakluære vandremåla i FjordKysten. Her vi du få ei fantastisk utsikt over land og hav 360 grader.
Weekend tur: Vi startar på fredag kveld med overnatting ombord enten i Florø eller Askvoll. Etter frukost laurdag kastar vi los og seglar avgarde mot turmålet vårt. Etter lunsj ombord bestiger vi toppen og nyter utsikta som møter oss.
Vel nede ved sjøen igjen nyter vi eit godt måltid ombord og ein god natts søvn før vi selgar tilbake til utgansgpunktet søndag morgon.
5 dagars tur: startar på ein søndag og seglar til 5 utvalte vandremål, der vi avluttar turen fredag ettermiddag.
Du seglar med ein kvalifisert skipper og du vil vere med på både navigering og segling, ei fantastisk oppleving for både indviduelle og grupper!
Vi tilbyr også RYA seglkurs.