Heilt ute i havgapet ligg den irrgrøne, grasdekte øya Kinn. Områda rundt Kinn var det sentrale sildefeltet i Norge i store delar av 1800-talet. På det meste budde det ca. 15 000 menneske her og på omkringliggande øyar i sildesesongen. I dag er det 9 fastbuande på Kinn. Den sagnomsuste Kinnakyrkja er bygd i romansk byggjestil, og har vore i bruk sidan 1100-talet. Ho har seinare vore bygd på og restaurert, og framstår i dag så nær opp til det opprinnelege som mogleg. Kyrkja er den eldste i Sunnfjord. Kyrkja er frå gamalt av knytt til legenda om St. Sunniva og Seljumennene, men ein meiner i dag at ho vart sett opp av keltarar som gøymde seg frå religionsforfølgjarar.
Fjellveggen bak kyrkja reiser seg steilt opp, og den ruvande Kinnaklova er næraste nabo. Den berømte Kinnaklova er eit kjend seglingsmerke langs leia, som kan sjåast over store område. Ein flott fottur opp i sjølve klova, gjev eit fantastisk utsyn utover havet. Kvart år, i juni, vert Kinnaspelet vist på tunet framfor kyrkja. Eit historisk spel om kjærleik, hat, truskap, og lojalitet til kyrkja og til menneske.