Den sagnomsuste fjellklippa ligg tvers over fjorden frå Vingenfeltet. I eldre tid vart fjellet omtala som Smalsarhorn. Mange segn er knytt til dette fjellet som er Nord Europa si høgste sjøklippe. Med sine 850 m over havflata ruvar det godt i landskapet, og har til alle tider vore eit kjent sjømerke i skipsleia.
Hornelen egnar seg godt til fjellturar, ta berre med kikkert, for utsikta er ubeskriveleg! Er du heldig kan du skimte heksene som kjem flygande på kosteskafta sine for å treffast på Hornelen. For her har det faktisk vore ein ekte heksefesival! Eit ynda turmål så vel for lokalbefolkning som tilreisande.