Annonser

Skriv utSkriv ut

Naturperler i Sunnfjord


GPS koordinater
Breddegrad: 61.600509178
Lengdegrad: 5.0328141910
Fasilitetar

Deltagere må ta med

Gode spasersko


Natur og terreng

Fjord, Hav/fjord, Helleristninger, Kulturlandskap


Kontakt
Sted
FjordKysten

Adresse:
Telefon57743000
E-postfloraturistkontor@gmail.com


Beskrivelse

Bli med på ei reise gjennom vakkert kyst- og fjordlandskap til naturperlene Svanøy og Ausevika. Lær om hjort på Norsk Hjortesenter og reis tilbake i tid på eit av dei største helleristningsfeltet i Norge.

 

Dette opplever du

Turen startar med båt frå Florø kl 12.00, med retur til Florø kl 17.00. Båtturen går gjennom det flotte kyst- og fjordlandskapet som omgir Florø. Vi stoppar på Svanøy der det blir guida omvising på Norsk Hjortesenter. Vidare går turen til Litle Høydal, der vi blir møtt av guide på kaia, som følgjer oss til Ausevika. Her blir det guida omvising og historieforteljing i eit av dei største helleristningsfelta i Norge. Enkel servering undervegs.

 

Svanøy, ofte omtalt som Sunnfjords perle, er den sørlegaste og frodigaste øya i Flora kommune. Øya si historie er mangfaldig og går langt tilbake i tida. I forrige århundre var øya det viktigaste senteret i regionen, med stor aktivitet på eksport og skipsfart. Over 100 mann arbeidde i kopargruvene, ”haugianarane” var storprodusentar av salt, her vart det bygd skip og drive storgard. På øya ligg også Svanøy Hovedgård, som i si tid både var adelssete og bispegods. I dag bur det om lag 70 personar på øya og Svanøy er for mange kjent for produksjon av laks og hjortekjøt av høg kvalitet. Med sin vakre natur, fine badevikar og lune gjestehamner er Svanøy i dag eit ynda reisemål for turistar.

 

Norsk Hjortesenter er eit nasjonalt kunnskapssenter for viltlevande hjort og hjort i farm/oppdrett. Senteret ligg idyllisk til på Kvalstad Gard på sørsida av Svanøy og vart etablert 1. januar 2000. Før den tid hadde ein sida 1990 drive eit forskingsprosjekt på hjort som alternative husdyr. På hjortesenteret er det i dag 160 hjort og dåhjort, og ca 80-100 kalvar. Det er om lag 100 viltlevande hjort på øya. Norsk Hjortesenter er først og fremst eit forsking- og kompetansesenter, og driv mellom anna opplæring av jegerar og kokkar. Her kan ein mellom anna lære å partere og tilberede kjøtet. Hjortesenteret produserer ca 10 tonn hjortekjøt i året, noko som gjer hjortekjøtet frå Svanøy til ei eksklusiv vare. Senteret levere hjortekjøtt til dei beste restaurantane i Norge, og har også levert til Det kongelege slott i Oslo. Det er mogleg å kjøpe mellom anna hjortepølse når ein besøker hjortesenteret, og det er også mogleg å bestille kjøtt via nettbutikken til senteret.

 

Helleristningane i Ausevik er eit av dei største og mest merkverdige helleristningsfelta i Norge med om lag 365 forskjellige motiv. Bergkunsten i Ausevik er datert til ca. 4000 år f. Kr og vart laga av steinalderfolket som levde her i det gamle kystlandskapet. På svaberga i Ausevik finn du utsøkte hjortefigurar dekorerte med forunderlege mønster. Sjamanen dansar på berget og like ved står ei hjortekolle med kalven sin. Over heile feltet ser du gåtefulle abstrakte og geometriske symbol som ofte har samanheng med dyrefigurane. Bergkunsten i Ausevik gir oss eit glimt av tankane og førestillingane til steinalderfolket som hogg dei mystiske symbola inn i berget her ved den vakre Høydalsfjorden for om lag 6000 år sidan.

 

Rutetider

Sundag og tysdag, 5.juni – 2.september.

Avgang frå Florø kl 12.00, retur til Florø kl 17.00.

 

Billettprisar:

Vaksne: 690,-

Born: 350,-

Familiepakke: 2 vaksne og 2 born: 1560,- (25% rabatt)

 

Lett måltid inkludert.

 

Påmelding innan kl 12.00 dagen før.

 

Informasjon og påmelding:

Flora Turistinformasjon, tlf 57 74 30 00.

E-post: floraturistkontor@gmail.com

 

OBS! Store delar av turen føregår utandørs og det er difor viktig å kle seg etter vêret. Hugs gode sko. Det tek om lag 10 minutt å gå frå kaia på Svanøy til hjortesenteret og om lag 30 minutt tur/retur frå kaia til helleristningsfeltet i Ausevika. Det kan vere bratt av- og påstiging på båten. Det er lurt å ta med kontantar, då det vil vere mogleg å kjøpe m.a. hjortepølse og bøker på Svanøy.

 

Relaterte produkter
ausevika1

Flora

Ausevika Helleristningsfelt

Ausevika er eit av dei største helleristningsfelta i Norge. Ausevika ligg under Skålefjellet, som reiser seg mot sør i nærare 800 m høgde. Dette fjellet dannar avslutninga på eit fjellområde som strekkjer seg heilt inn til Jotunheimen, og er difor eit...

Copyright © Linda Helgås

Flora

Svanøy

SVANØY, SUNNFJORDS PERLE Svanøy er den sørlegaste, og frodigaste øya i Flora kommune. Her finn ein plantar og tre ein vanlegvis ikkje finn på vestlandet, som t.d. kristtorn. Svanøy si historie er mangfaldig og går langt attende i tida. I forrige...


Kontaktinformasjon

Visit FjordKysten AS
Strandgata 42
6900 Florø
E-mail: mail@fjordkysten.no

Sunnfjord Næringsutvikling
PB 133
6801 Førde
E-mail: post@sunnfjord.no

Turistinformasjon

Flora Turistinformasjon: +47 57 74 30 00

Førde Turistinformasjon: +47 57 82 22 50

Jølster Turistinformasjon: +47 57 72 85 88

Kalvåg Turistinformasjon: +47 48 14 04 88

Svelgen Turistinformasjon: +47 917 41 562

Gulen, Solund, Hyllestad, Fjaler og Askvoll: +47 57 73 90 20

 

FjordKysten_web_svart