Annonser

Skriv utSkriv ut

Guida tur til Kinn


GPS koordinater
Breddegrad: 61.5623079
Lengdegrad: 4.7576548
Transportbeskrivelse
Båt: Hurtigbåt frå Florø, ca 25 min.
Kontakt
Sted
Kinnakyrkja

Adresse:
6912 Kinn

Telefon91581178
E-postgry.seim@online.no
Webwww.kinnguide.no


Beskrivelse
Opplev Sagaøya Kinn og la deg bergta av øya, historia, middelalderkyrkja og den vakre naturen!

Heilt ute i havgapet vest for Florø ligg den irrgrøne, grasdekte øya Kinn. Områda rundt Kinn var det sentrale sildefeltet i Norge i store delar av 1800-talet. På det meste budde det ca. 15 000 menneske her og på omkringliggande øyar i sildesesongen. I dag er det 9 fastbuande på Kinn. Den sagnomsuste Kinnakyrkja er bygd i romansk byggjestil, og har vore i bruk sidan 1100-talet. Ho har seinare vore bygd på og restaurert, og framstår i dag så nær opp til det opprinnelege som mogleg. Kyrkja er den eldste i Sunnfjord. Kyrkja er frå gamalt av knytt til legenda om St. Sunniva og Seljumennene, men ein meiner i dag at ho vart sett opp av keltarar som gøymde seg frå religionsforfølgjarar.

Dette opplever du

Frå kystbyen Florø seglar lokalbåten mellom øyar og skjer ut til sagaøya Kinn. Guiden møtar deg på kaia og tek deg med på ei stemningsfull vandring til middelalderkyrkja. Det er ikkje mange norske kyrkjer som ligg vakrare til enn steinkyrkja på Kinn. Turen til kyrkja tek om lag 40 minutt i roleg gange langs ein vel 1 km lang grusveg. Undervegs får du mellom anna høyre om dei store sildefiskeria ved Kinn. I kyrkja, som er ei av dei eldste i landet, får du ei spesiell stemningsoppleving. Omvisinga er ei tidsreise med tonefølgje, der ein får høyre om kyrkja si utvikling, frå 1100-talet og fram til i dag.

 

Det vil vere mogleg å sjå seg om på øya på eiga hand etter omvisinga. Ein tur opp Kinnaklova, det karakteristiske fjellet og kjente seglingsmerket, er ei flott oppleving. Det er også mogleg å overnatte på øya.

 

Rutetider:

Onsdag, torsdag, fredag. 18.juni – 31.august

Avgang Florø kl 12.00

Ankomst Kinn kl 12.30

 

Retur med rutebåt kl 15.05, 16.20 eller 20.30.

 

Billettprisar 2012:

Vaksne: 285,-                                                   

Barn: 130,-

Student: 170,-

Familietilbod: 2 vaksne og 2 barn: 695,-

Prisen inkl båttur Florø – Kinn og guida omvising på øya. Retur med rutebåt ikkje inkludert i prisen.

 

Informasjon og påmelding:

Flora Turistinformasjon, tlf 57 74 30 00.

E-post: floraturistkontor@gmail.com

 



Relaterte produkter
Copyright © Magnus Torvanger

Flora

Fjord1 AS

Lokale ferjeruter og båtruter i Sogn og Fjordane....

Copyright © Florø Skyssbåt

Flora

Florø Skyssbåt

Florø Skyssbåt AS er eit selskap som driver skyssbåttrafikk i Sogn og Fjordane. Vi utfører rutetrafikk med passasjerer, bil og last, ambulanse, lostjeneste, buksering, blåturer og charterturer. Vi disponerer 3 skyssbåter, alle med base i Florø, men tar...

Kinnaklova

Flora

Kinn

Heilt ute i havgapet ligg den irrgrøne, grasdekte øya; Kinn. Områda rundt Kinn var det sentrale sildefeltet i Norge i store delar av 1800-talet. På det meste budde det ca. 15 000 menneske her og på omkringliggande øyar i sildesesongen. I dag er det 9...

Copyright © Kinn turistservice

Flora

Kinn Gjestehus

Kinn Gjestehus er eit bustadhus frå 1951 som er omgjort til gjestehus frå 2007, etter at det vart utført omfattande vedlikehald av mellom anna VVS og elektriske installasjonar. Huset ligg ca 800 meter frå kaia vestover mot Kinnakyrkja. Kinn Gjestehus...

Kinnaklova

Flora

Kinn turstiar

Graskledd, nesten trelaus øy heilt vest i kommunen. Landskapet ber sterkt preg av beiting. Høgste punkt 316 moh. Oppstiging vanlegvis frå aust, ca. 200 m nord for rutebåtkaia. Telenor bruker ofte denne oppstiginga, og stien er markert med rekkverk av...

Kinn

Flora

Kinnaklova

Heilt ute i havgapet ligg den irrgrøne, grasdekte øya Kinn. Områda rundt Kinn var det sentrale sildefeltet i Norge i store delar av 1800-talet. På det meste budde det ca. 15 000 menneske her og på omkringliggande øyar i sildesesongen. I dag er det 9...

Kinn

Flora

Kinnakyrkja

Kinnakyrkja Kinnakyrkja er bygd i stein, truleg ein gong på 1100-talet. Det er den eldste og einaste i sitt slag i Sunnfjord, og eit av dei flottaste mellomalder-monument på Vestlandet. Ho var hovudkyrkje i Kinn prestegjeld fram til 1882, då det vart...


Kontaktinformasjon

Visit FjordKysten AS
Strandgata 42
6900 Florø
E-mail: mail@fjordkysten.no

Sunnfjord Næringsutvikling
PB 133
6801 Førde
E-mail: post@sunnfjord.no

Turistinformasjon

Flora Turistinformasjon: +47 57 74 30 00

Førde Turistinformasjon: +47 57 82 22 50

Jølster Turistinformasjon: +47 57 72 85 88

Kalvåg Turistinformasjon: +47 48 14 04 88

Svelgen Turistinformasjon: +47 917 41 562

Gulen, Solund, Hyllestad, Fjaler og Askvoll: +47 57 73 90 20

 

FjordKysten_web_svart