Velkomen
Med Nordsjøen som næraste nabo, mellom bre og fjell, finn du Bremanger kommune i Sogn og Fjordane. Her har du eit eldorado av opplevingar i nærområdet. Svelgen er det ideelle utgangspunkt for dagsturar i skog og mark, til fjell og fjord, bre og hav.
Dagens middag:
Kvar dag mellom kl 12.00 - 16.00 i Gluntén kafé.
VÅRE ROM OG FASILITETAR
Svelgen Hotell har 39 rom til våre gjestar. I første etasje finn du vår koselege restaurant og kafe samt to konferanserom med kapasitet på høvesvis 20 og 50 personar.
SELSKAP & FEST
Du kan trygt invitere dine gjestar til fest og selskap på Svelgen Hotell. Vårt kjøkken er viden kjent for sine kokkekunstar og tek i mot bestilling på det du måtte ynskje å servere!
Vi har plass til 160 gjestar i våre selskapslokaler. Ring for tilbod på bryllaup, dåp, konfirmasjon, bursdag eller andre dagar som du vil gjere noko serskilt ut av.
Svelgen Hotell tilbyr i tillegg til god mat også personleg service i hyggelege omgjevnadar til gode prisar.
Vi ynskjer å ta vare på alle våre gjester og starta i 2006 bygging av utealtan. Gå direkte frå vår restaurant og ut på ein koseleg overbygd uteplass og nyt eit glas kvitvin både vinter- og sommarstid.