Vi held til på den gamle dampskipskaia på Davik som ligg i Bremanger kommune i Sogn og Fjordane fylke. Dampen er kjend for sin gode mat og har alle rettigheiter. Lokala er inreia med preg av det maritime, med spesiel vekt på dei gamle fjorda båtane. I ein lun og nostalgisk atmosfære kan husets heimelaga fiskesuppe nytast, samt andre rettar fra vår rikhaldige meny.
Opplev fine sommardagar på ein stor terasse som ligg heilt ute på kaikanten med flott utsikt, og høve til sjølvfiske.
Her er rike fiske moglegheiter både frå land og sjø.
Davik er ei vakker lita bygd omkransa av majestetiske fjell, med opning ut mot Nordfjorden. Fjella innbyr til flotte turar i variert terreng med merka ruter.
Davik er lett tilgjengelig med både båt og bil. Davik har også småbåthavn.
For reisande er det mogligheiter for fylling av diesel og bensin, vatn og straum.
Davik har ei dagligvare forretning med post og med stort og variert vareutvalg.
For dei som ønsker det, er det mogligheiter for overnatting i hytter som ligger i ein vakker hage midt i bygda.
I enden av terassen står eit åttekanta grillhus.
Inne er det, i midten av huset, ein grill som er nedsenka i eit polert granittbord.
Rundt det kan opp til 10 personar benke seg og grille maten sjølv, som blir levert frå kjøkenet.
Ved sida av grillhuset står eit lite varmrøykeri, der både kjøt og fisk blir røykt for servering.
Eigen meny
Forhandsbestilling er anbefalt!
Vi ønskar alle hjarteleg velkomne!
Randi og Kalle