Hopp til hovedinnhold

Fjordkysten & Sunnfjord strekk seg frå breen i aust til fjorden og øysamfunna i vest. Avstandane er korte mellom dei store opplevingane. Her finn du vakker urørt natur, god plass, tusenvis av øyer, tronge fjordar, brear, fossefall og mektige fjell som stig rett opp frå havet.

Regionen har ei rik og spennande historie, med spor heilt tilbake til steinalderen. Her kan du besøke eitt av dei største helleristningsfelta i Norge – Ausevika, eller dei største steinbrota frå vikingtida og mellomalderen i Hyllestad. På Sagaøya Kinn kan du besøke den sagnomsuste Kinnakyrkja frå 1100-talet. Astruptunet i Jølster og Sogn og Fjordane Kunstmuseum i Førde byr på eit vidt spenn av kunstnarlege inntrykk, i tillegg til fleire galleri og museum i heile regionen.

Ta med deg kajakken, sykkelen, fjellstøvlane og fiskestonga! Fjordkysten & Sunnfjord er som skapt for eventyr!

Påske i Fjordkysten og Sunnfjord

Planlegg påske i Fjordkysten og Sunnfjord. Skitur, vandring, museum og fleire spennande opplevingar ventar på deg

Finn ut mer
An icon of trees

La deg inspirere

Finn inspirasjon og gode idear til din draumeferie. Vi garanterer spektakulær natur og gode opplevingar! Velkomen til små og store eventyr hos oss i Fjordkysten & Sunnfjord!

Overnatting i Fjordkysten & Sunnfjord

Fjordkysten & Sunnfjord byr på eit variert overnattingstilbod. Her kan du bu godt på moderne hotell, komfortable feriehus og hytter, historiske gardsovernattingar eller ei rorbu i sjøkanten. Eller kva med å tilbringe ei natt på eit fyr? Fellesnemnaren for alle tilboda er at den spektakulære naturen er like utanfor døra.

Prøv vår reiseplanlegger!

Finn opplevelser og overnatting og sett sammen reiseruten din. Bruk kartet til å navigere, finn opplevelser som passer dine interesser, og se ruten i kartet. Last ned appen vår og ta med deg reiseplanen din i lommen, og finn opplevelser underveis på reisen.

Foretrekker du papirformat? Skriv ut reiseplanen din, så har du den lett tilgjengelig!

Følg oss:

  • Instagram

    FjordKysten og Sunnfjord

  • YouTube

    FjordKysten og Sunnfjord