FjordKysten ligg på kysten av Sogn & Fjordane, ein drøy time nord frå Bergen. Du kan reise til regionen med ekspressbåt frå Bergen, ekspressbuss frå dei største byane i Norge, med Hurtigruten, fly til Florø eller Førde, eller med eigen bil.
Sjå kringom.no for rutetider for offentleg transport.
Ekspressbåten som går langs kysten mellom Bergen og Selje knyt regionen saman, og har stoppestad i kvar kommune. Dette er ein komfortabel måte å reise på, samtidig som du får storslått utsikt undervegs! Sjå norled.no for billettar og rutetider.
Treng du hjelp til planlegging av di reise? Ta gjerne kontakt med oss, så vil vi hjelpe deg!
Følg oss...
Facebook
Twitter
Youtube
Instagram