Planlegg du å arrangere firmatur eller bare ein tur for vener og familie? Mange bedrifter langs FjordKysten skreddarsyr opplevingar for din gruppe. Under finn du ein oversikt over dei forskjellige bedriftene
Her i FjordKysten området fins det fleire lokale transportfirma som tilbyr båttransport innad og utanfor regionen.
BÅTTRANSPORT
Vidar Hop Skyssbåter AS har båtar med kapasitet frå 12 til 48 passasjerar. Deira båtar kan du leige med eller uten mannskap og dei tar oppdrag langs heile Vestlandskysten, enten om det er Charter/blåtur, guida turar eller om du bare ønskjer å komme deg frå A til Å. Vidar Hop Skyssbåtar AS er lokalisert i Solund og har utgangspunkt frå Hardbakke.
Florø Skyssbåt AS har båtar med kapasitet opp til 70 passasjerar og 4 bilar, samt last til leige med mannskap. Med base i Florø tar dei oppdrag langs heile vestlandskysten og kan skreddersy turen slik at den passar for deg og dine behov.
Sulejet AS har båtar med kapasitet frå 12 til 28 passasjerar. Sulejet AS tilbyr organiserte båtturar i området Bergen - Florø. Med base i Solund kan dei vere behjelpeleg med å lage tilpassa turopplegg for grupper som inkluderar guiding og servering
Viss du reiser med ein større gruppe tilbyr både Widerøe og Norled grupperabatt.
OVERNATTING FOR GRUPPER
Det fins fleire overnattingsstader som har kapasitet til å ta imot grupper. Dei kan vere behjelpeleg med organisering av aktivitetar og utfluktar. Alle overnattingsstadene har tilgang til møterom.
Svanøy Hovedgård ligg vakkert til med utsyn over Svanøybukt og Brufjorden. Heilt sidan vikingtida har Svanøy vore eit knutepunkt og senter langs kysten. Svanøy Hovedgård var både adelssete og bispegods. Hovedgården tar i dag i mot større og mindre grupper for overnatting, konferanse og servering. Her finn du roen, kjenner historia i veggane og får servert lokalprodusert mat frå øya og havet rundt. Svanøy Hovedgård har ein overnattingskapasitet på 21 dobbeltrom. Konferanserom til 40 personar.
Comfort Hotel Victoria Florø ligg midt i sentrum av Florø og er eit urbant og effektivt hotellalternativ. Comfort Hotel Victoria har 85 rom og 140 sengeplassar, og hjelper deg med å arrangere små og mellomstore møter i moderne konferanserom.
Quality Hotel Florø ligg i vasskanten av kystbyen Florø med ei storslagen utsikt over fjord og fjell. Hotellet er todelt med ein eldre del som er eit restaurert sildesalteri frå 1890-åra og ein ny del som er bygd i 1997. Hotellet har 79 rom og 154 sengeplasser. Alle romma har ein unik atmosfære som er prega av maritim historie. Konferanseavdelinga passar for både små og store arrangement med 4 møterom og kapasitet på inntil 200 personar. Dei lyse og moderne lokala er fleksible og kan tilpasse etter ønska dine.
Batalden Havbu er eit restaurert gards- og fiskebruk meed 3 sjøhus g 2 bustadhus frå perioden 1820 - 1900. Dei tilbyr spesielle kvalitetar og høg standard for sjøstellgjester og bedrifter.
Askvoll Fjordhotell er eit ypparleg utganspunkt for å oppleve den vakre fjordkysten. Hotellet har 25 rom der tre av romma er handicapvennlege. Dei har seks familierom med opptil 5 personar og sju rom for sjølvhushald. Grupper og individuelle i ferie og fritidsmarknaden har tradisjonelt valt Askvoll Fjordhotell for å kunne oppleve kystkulturen, lokal mat og eit hyggeleg hotellopphald.
Værlandet havhotell tilbyr ei unik oppleving ved havet. Her kan du leve fritt og utforske øyriket Værlandet og Bulandet på din måte, og i ditt tempo. Værlandet havhotell består av 14 gjesterom totalt, fordelt på 8 dobbeltrom (seks familierom og to handikaprom). Alle romma har eit eige tema som pregar fargeval og interiør.
Bulandsferie tilbyr 6 utleige-einingar og 26 senger i Bulandet - Norges vestlegaste øygruppe. Bueiningane ligg like ved sjøen i eit særprega og hyggjeleg miljø. I sjøhuset på Pernillestø kan Bulandsferie ta i mot familier og grupper - for møter eller andre samlinger. Matservering kan avtalast, men dei samarbeider også med andre aktører.
Solund leilighetshotell gir deg ein avslappande pause frå ein hektisk kvardag. Her kan du nyte god mat og vandre i eit vakkert kystlandskap. Solund leilighetshotell ligg i sentrum på Hardbakke i Solund. Hotellet har 11 flotte leiligheter med eige kjøkken, spiseplass og stovedel. Her er det kort veg til det meste av aktivitetar og tilbod som kajakk, sykling, fiske, øyhopping og fyrsafari.
Solund Rorbuferie AS tilbyr overnatting i rorbuer med høg standard, heilt nede i sjøkanten. Her finn du eit flott uteområde med grillhytte og jacuzzi. Solund Rorbuferie har 6 rorbuer der kvar rorbu har plass til 6(8) personer. På Havkroa som ligg ved siden av serveres det mat, drikke og kioskvarer kvar dag i sommarferien. Ellers i året kan grupper på minimum 10 personer bestille. Her kan du arrangere alt i frå barnedåper til konfirmasjon og møter. Konferansekapasitet på maksimum 30 personer.
Skjerjehamn ligg på den idylliske, gamle handelsstaden bare 1,5 time frå Bergen. Her er det 18 overnattingsrom i historisk sveiservilla frå 1891, og 5 moderne leiligheter. På skjerjehamn kan du nyte god mat, spennande kunstutstillingar og den mykje omtale statuen av Kong Olav V.

Bremanger Fjordhotell i Svelgen er vakkert omringa av fjord, bre og ruvande fjell. Her kan du nyte utsikta over Nordgulenfjorden frå hotellet. I første etasje finn du à la carte-restaurant som serverer smakfull, norsk mat. Om sommaren kan du nyte måltida på terrassen med utsikt over fjorden. Bremanger Fjordhotell har moderne møterom med plass til høvevis 20 til 50 personar. Hotellet har 39 rom.
AKTIVITETAR FOR GRUPPER
MS Atløy er ein veteranbåt frå 1931 som fram til 1976 gjekk i fart for Fylkesbaatane med gods og passasjerar mellom fjordane i distriktet og Bergen. Her tilbys det aktivitetar som blåturar, familieturar, fisketurar eller andre turar der du ønskjer ei spesiell ramme. Atløy har sertifikat for inntil 60 passasjerar og har skjenkeløyve for øl og vin. Det kan og bli servering av mat på bestilling. MS Atløy har base i Florø.
Kystmuseet i Sogn & Fjordane ligg 2 kilometer frå sentrum av Florø. Her finn du ei stor båtsamling og gjenstandar frå bygd og by ved kysten, og du kan besøke ei av dei største oljeutstillingane i landet. Kystmuseet i Sogn & Fjordane tilbyr omvising for grupper. Her kan du og leige museet til selskap og arrangement.
Bistro to kokker organiserar måltid, overnatting og aktivitetar på Svanøy. Bistro to kokker har base i Florø og tar seg av all type arrangement, med kapasitet frå 10 til maks 450 personer. Her vert det ved mindre arrangement ofte servert i kjellerens mange møtelokaler, men er svært mobile for kvar arrangementet blir avholdt.
Med base i Florø tilbyr Kystrafting unike opplevingar i naturen. Her kan du oppleve havrafting og guida turar med rib-båt langs heile kysten av Sogn & Fjordane, enten om du er ein gruppe, firma eller venelag.
Tb-event står alltid på hodet for å lage de beste eventene for deg. Her får du skreddarsydd opplevingar for firma og grupper i Solund.
Følg oss...
Facebook
Twitter
Youtube
Instagram