RUNDREISE MED BIL
Tar du den ytre leia gjennom Gulen og Hyllestad kan du få med deg perler som den gamle gjestgjevarstaden Skjerjehamn og Gulatinget i Gulen, og Kvernsteinsparken i Hyllestad. I Solund kan du dra på fyrsafari til Norges vestlegaste fyr, Utvær, eller dra på øyhoppimg med postbåten. Legg turen innom Korssund og sjå den 4 meter høge Olavskrossen. Ikkje langt unna ligg Lammetun Kystfort. I Dale kan du besøk Jakob Sande-tunet, og deretter køyre over Dalsfjordbrua til Holmedal og Askvoll. Ta ferja til Askvoll og Værlandet, og utforsk Bulandet og Værlandet - Nordens Venezia. På veg til Florø bør du ta ein sving innom helleristningsfeltet Ausevika. I Florø anbefaler vi å ta turen innom Kystmuseét, og bli med ein av dei mange lokalbåtane ut til øyperler som Svanøy og Kinn. I Måløy bør du få med deg eit besøk på Måløyraidsenteret, spennande for heile familien. Vi anbefaler deg også å ta turen til paradisstrands Refviksanden, og ein tur innom den gamle handelsstaden Vågsberget og den særeigne Kannesteinen.
OSLO
Vanlege køyreruter frå austlandet er å køyre via Hemsedal og Lærdal, eller via Hamar, Lom og Stryn. Køyrer du via Lom kan du om sommaren køyre Sognefjellet eller gamle Strynsfjellvegen, som begge er nasjonale turistvegar.
For informasjon om veg og køyreforhald, sjå nettsidene til Statens Vegvesen eller ring tlf 175.
ÅLESUND
Vanleg køyrerute frå Ålesund er via Nordfjordeid. Herfrå kan du anten køyre vestover til ferjestrekninga Isane - Stårheim eller følgje E39 til Lote - Anda og køyre via Skei.
Dei lokale turistkontora gir deg god og nyttig informasjon.
Copyright © 2021 FjordKysten
Følg oss...
Facebook
Twitter
Youtube
Instagram