Hurtigruten har vert ein del av norskekysten sidan 1893. Den har daglige avgangar som binder kystsamfunnene saman. Hurtigruten er ein livsnerve for dei som bur langs kysten.
Hurtigruta har to stopp i FjordKysten regionen, Florø og Måløy. Dette er dei to første stoppa etter Bergen for nordgåande båt, og dei to siste stoppa før Bergen for sørgåande båt. På kvart stopp stoppar hurtigruta to gonger i døgnet. Ein gong på nord og ein gong på sør.
Hurtigruta signaliserer vanligvis sin ankomst med fløytesignaler. Nordgåande signal er eit langt, eit kort, og eit langt støt i fløyta (moresignal for bokstaven K). Sørgåande signal er to lange, eit kort, og eit langt støt i fløyta (moresignal for bokstaven Q). Omkring 5 minutt før avgang varsles passasjerar og gjestar med eit kort støt i fløyta. Når to hurtigskip møtes i leia helser dei på kvarandre med fløytesignal om dagen og lyssignal om natta. Nordgåande helser alltid først.
Følg oss...
Facebook
Twitter
Youtube
Instagram