Visit FjordKysten er destinasjonsselskapet for kysten av Sogn & Fjordane. Vi arbeider med marknadsføring og profilering av regionen som reisemål, i tillegg til produktutvikling og prosjektarbeid. Visit FjordKysten arbeider for å utvikle reiselivet i regionen – kvar dag, heile året.
Som medlem i Visit FjordKysten får du synlegheit i viktige kanalar. Du når dermed ut til fleire potensielle kundar enn om du står på eiga hand. I tillegg blir du ein del av eit nettverk med andre reiselivsbedrifter i regionen. Vi arrangerer årleg kurs og møteplassar for reiselivsnæringa. Har du ein god idé bidrar vi gjerne med vår kompetanse!
Ved å teikne marknadsavtale med oss blir du ein del av reiselivsnorge og det lokale fellesskapet. Som medlem i Visit FjordKysten styrker du ditt eige produkt, samtidig som du er med på å sette regionen på kartet!
Ønskjer du å bli medlem? Sjå blimedlem.fjordkysten.no meir informasjon eller kontakt oss for eit tilbod tilpassa di bedrift.
Følg oss...
Facebook
Twitter
Youtube
Instagram