Om
Senk skuldrane og ta heilt fri frå alt anna! Hos Askvoll Fjordhotell kan du nyte eit romantisk opphald i unike omgjevnader. Her har du kort veg frå hotellet til flotte turstiar, og uansett kvar ferden går blir du tatt i mot med varme og vennlegheit.
HØGDEPUNKT
- Eit ypparleg utgangspunkt for å oppleve Askvoll
- Kort veg til ferja som går til Værlandet og Bulandet, og Atløy
- Nyt ein flaske med musserande ved ankomst
- Vakker hageutsikt frå rommet
PROGRAM
Fredag
Sjekk inn på Askvoll Fjordhotell
Ein flakse musserande venter på dykk på rommet
Laurdag
Nyt ein roleg frukost på hotellet
Nyt Askvoll slik de vil - i dykkar tempo. Føler de for nokon aktiviteter kan vi anbefale dykk følgande
- Lån sykkel og sykle langs Askvolls veger! Her kan du utforske plassen og finne mange idylliske plasser.
- Besøk øya Atløy og den flotte trekyrkja Villnes.
- Besøk øygruppen Værlandet og Bulandet og sykle blant øyparadiset. Frå dei 6 bruene som knyt øyane i saman har du storslått utsikt over øyer og hav.
Søndag
Frukost på hotellet
Utsjekk
ROMANTISK LANGHELG FOR TO PERSONAR
Lengde på opphaldet: 3 dager (2 netter)
Sesong: Veke 40-41
Inkludert i pakken: Opphald frå fredag til søndag inkluderer i pakken. 2 overnattinger og 2 frukoster, samt musserande ved ankomst.
Pris: 3800,- for to personar i dobbeltrom
BOOKING
Send ein e-post til Askvoll Fjordhotell for å bestille: post@askvollfjordhotell.no
REISE TIL ASKVOLL
Frå Bergen
Med rutebåt: Ta ekspressbåt frå Strandkaiterminalen i Bergen til Askvoll. På norled.no kan du kjøpe billettar til ekspressbåten. Det tar bare eit par minutt å vandre frå kaia til Askvoll Fjordhotell. Sjå entur.no for rutetider ved å leggje inn "Frå: Strandkaiterminalen, Bergen" og "Til: Askvoll kai".
Frå Florø
Med rutebåt: Ta ekspressbåt frå Fugleskjærskaia i Florø til Askvoll. På norled.no kan du kjøpe billettar til ekspressbåten. Det tar bare eit par minutt å vandre frå kaia til Askvoll Fjordhotell. Sjå entur.no for rutetider ved å leggje inn "Frå: Fugleskjærskaia, Florø" og "Til: Askvoll kai".
Frå Førde
Med bil: Frå Førde tar du av frå E39 til FV422. Følg skiltinga til du kjem til Askvoll. Turen tar ca. 1 time.
Frå Førde
Med buss: Ta buss frå Førde Rutebilstasjon. Du finn rutetid og avganger på entur.no. Turen tar ca. 1 time og 20 minutt.
Følg oss...
Facebook
Twitter
Youtube
Instagram