Om
Kalvåg i seg sjølv er eit stort levande hotell. Likar du god atmosfære, god mat og ramsalt kystkultur? Då er Knutholmen og fiskevêret Kalvåg ein stad du vil trivast. I gangavstand rundt den vesle vågen finn du rorbuene, restauranten med dansegolv, hotellromma og kurslokala.
OVERNATTING OG OPPLEVINGAR
Hos Knutholmen står du fritt til å velje om du vil overnatte på hotell, i leilegheit, i sjøhus eller i hytte - alt etter kva du ønskjer. I tillegg til gode senger og god mat har vi eit mangfald av opplevingar.
MAT FRÅ HAVET
Vi har mat frå havet som vår spesialitet. Ferske råvarer er viktig for eit godt resultat og vi har fiskefelta berre eit steinkast utanfor. Gode kokkar gjer sitt beste for at du skal få ei god smaksoppleving med dei ferskaste råvarer som er tilgjengeleg.
FAMILIEBEDRIFT
Knutholmen AS vart etablert i 1986 og er framleis ei familiebedrift. Vi er aktive i høve bidragsyting til utvikling av lokalsamfunna. Knutholmen er godkjent lærebedrift i servitør og kokkefag.Vi er opptekne av miljøet og driv målretta arbeid knytt til dette. Knutholmen er sertifisert som miljøfyrtårn.
Ta med deg familie, gode venner, kollegaer eller kundar til fiske- og opplevingsparadiset Kalvåg. Vi håpar du får eit fint opphald med oss! Velkommen til Knutholmen og Kalvåg.
Følg oss...
Facebook
Twitter
Youtube
Instagram