Om
Kaldrøykt laks etter gamle tradisjonar. Oppskrifter med einer og lokale urter gjev ein særeigen og utsøkt mild smak. Like spesiell som staden den kjem frå.
Svanøylaks er eit produkt der vi kun brukar laks av beste kvalitet frå Marø Havbruk på Svanøy. Vi følgjer livsløpet til laksen frå den er 70-80 gram og fram til ferdig foredla produkt. Her ute driv vi i eitt med naturen og er prisgitt vær og vind, noko som kan vere med på å prege vårt unike produkt. Du kjenner det både på konsistens og smak! Og spennande smakar har vi mange av.
Etter røyking blir laksen marinert. Du kan velge mellom alt frå den med norsk akevitt, den litt mildare med konjakk, eller dei kraftigaste som er marinert med kvitløk eller krydder. To unike Svanøyvariant er marinert med sjølvplukkaRamsløk eller sjølplukka pors og eigenprodusert porssnaps. Og til slutt sjølvsagt den heilt tradisjonelle røykelaksen som er nydelig god i seg sjølv.
Følg oss...
Facebook
Twitter
Youtube
Instagram