For å gi deg den beste opplevelsen, brukes informasjonskapsler på dette nettstedet. Finn ut mer her.
1. Dykking i Gulen
FjordKysten byr på fantastiske forhold for dykking. Stor artsrikdom, spennande dykketerreng og mange vrak å dykke på gjer at dykkarar frå heile verda tar turen til regionen. Gulen Dykkesenter er eit av Norges beste dykkesenter og tek deg med på profesjonelle dykkeopplevingar året rundt.
2. Kajakkpadling
Du kjem ikkje lenger vest i Norge enn til øyane i Solund, Bulandet og Værlandet - ofte omtalt som "Norges Venezia". Dette området er som skapt for padling med eit mylder av små og store øyer, holmar og skjer som gir ly for vind og bølgjer. Samtidig er vegen ut på storhavet kort. Mange tek turen hit om hausten for å surfe på bølgjene, og Askvoll Kajakklubb arrangerer “stormsamling” i Bulandet kvart år!
Eller kanskje du vil padle langs kvite strender og høge fjell i Bremanger? Opplev prehistoriske helleristningar, gamle handelsstader og eit rikt dyreliv. Skjergarden rundt Florø byr på flotte forhold for paddling. Ta turen til ein av dei mange øyane rundt byen eller langs ein av fjordane, som gir ly for vinden og fine forhold for padling.
Norway Adventures og Solund Natur tilbyr guida kajakkturar i regionen.
3. Våt Moro
Hav- og fjellsportfestivalen Våt Moro har eit breitt spekter av spennande aktivitetar på, under og over havoverflata. Festivalen har også familieaktivitetar og kveldsarrangement, og vert arranger i juli i Florø.
4. RIB Safari
Vil du oppleve eit skikkeleg adranalinkick, kan du bli med på RIB Safari! På ein tur med RIB-båt kjem du tett inn på natur- og dyreliv i den vakre skjergarden.
Kystrafting i Florø tilbyr både kystrafting, fyrsafari og RIB-båtturar til attraksjonar og øyperler rundt Florø og Bremanger. Eller kva med ein tur på jakt etter ferske krabber og skalldyr?
I Gulen tilbyr Fjordguiding RIB-båtturar med utgangspunkt i Eivindvik og Skjerjehamn.
5. Fiske
Omgitt av ope hav og fjordar i Norges vakraste skjergard er forholda perfekte for sjøfiske året rundt. Her finn du hytter, rorbuer og sjøhus som har lagt forholda spesielt til rette for fiskeferiar. Desse ligg ved sjøen og har tilgang til gode båtar og fasilitetar for preparering og oppbevaring av fangsten. Du kan også bli med ein lokal fiskar på guida fisketur og få tips om dei beste fiskeplassane. Fleire av overnattingsstadane tilbyr guida fisketur på førespurnad.
Flekke- og Guddalsvassdraget i Fjaler strekker sego m lag 30 km frå Flekkefjorden til fjellet i Guddal og har god bestand av laks og sjøaure. Huseklepp Fiskeskule i Guddal tilbyr kurs og guida fisketurar. Det er fleire overnattingsbedrifter nær vassdraget som har tilrettelagt for innlandsfiske med sal av fiskekort og eigna fasilitetar.
I Flora finn ein Osenvassdraget, som med 44 km med elvar og fiskevatn har lange tradisjonar innan lakse- og ørretfiske.
6. Havørnsafari
Bli med på Havørnsafari og opplev den majestetiske havørna på nært hold. Med ”den norske hest” Alden, som storslagen kulisse er dette ei rå naturoppleving. Dei fleste vil nok oppleve det som svært spennande å oppleve havørn med eit vingespenn opp til 2,5 meter så nær. Her vil du få veldig gode høve for å få nokre fantastiske blinkskot av både havørn og anna dyreliv. Turen startar med utgangspunkt i Værøyhamna på Værlandet.
7. Øyhopping og sykkel
Langs heile FjordKysten ligg øyane som perler på ei snor, med lite trafikkerte vegar som innbyr til fine natur- og sykkelopplevingar. Ferjer og båtar frakter deg mellom øyane, og er ei oppleving i seg sjølv. Her har vi satt saman nokon populære sykkeltips, så er det berre for deg å ta med deg familien eller vennegjengen og utforske øyrika. Tips for overnatting undervegs finn du på fjordkysten.no.
8. Bading i Laukelandsfossen
Den vakre Laukelandsfossen i Dalsfjorden kan by på ei heilt spesiell badeoppleving. Frå sjøen ser du ikkje at det er ein stor fin kulp under fossen, og du kan til og med smyge deg bak sjølve fossefallet, ei heilt spesiell badeoppleving! Til Laukelandsfossen kjem du med båt, eller du kan låne deg kano eller kajakk i Badevika i Dale, og padle over fjorden (henvending til Fjaler kommune, servicekontoret, tlf. 57 73 80 00).
9. Kystled Solund
Frå sommaren 2016 kan du oppleve skjergarden i midtre Solund ved å ro mellom øyane, og overnatte på DNT-hytta i Råkeneset. Frå Hardbakke tek du postbåten til Litle Færøy, der du leiger deg ein robåt for ein dag eller to. Meir informasjon kjem snart – følg med om du er lysten på ein miniekspedisjon i sommar!
10. Grotlesanden og Vetvika
Nyt late sommardagar eller sjå stormen på kloss hald på to av landets vakraste strender.
Dei lokale turistkontora gir deg god og nyttig informasjon.
Copyright © 2019 FjordKysten
Følg oss...
Facebook
Twitter
Youtube
Instagram