Regionen har eit spennande kulturliv, med små og store festivalar og arrangement gjennom heile året. Her er nokre av høgdepunkta!
Oversikt over alle arrangement finn du her
Vil du legge til eit arrangement i kalenderen, kan du enkelt registrere det her.
I midten av juni kvart år kan du oppleve verdas lengste sildebord i Florø – heilt gratis! Byen vart grunnlagt i 1860 på bakgrunn av det rike sildefisket i regionen. Under sildebordet kan du prøve forskjellige silderettar, som blir laga spesielt for arrangementet. Kva med å prøve Nøttesild, Sild i Solnedgang, Sild for dei sure, Pelagia Sild, eller Eurospars Jubelsild? Sildebordet er ein del av festivalhelga ”Himmel & Hav”, som også omfattar laksens dag, Kinnaspelet, konsertar, tivoli m.m.
På øya Kinn vest for Florø ligg det ei vakker steinkyrkje frå middelalderen. Tredje helga i juni kvart år kan du oppleve Kinnaspelet – eit storslått utandørs teater om kjærleik, svik, tru og håp. Naturen på Kinn gir spelet ei unik ramme, og sidan premiera i 1985 har over 90.000 publikummarar tatt turen til den vesle øya for å sjå Kinnaspelet.
Førdefestivalen er det største fleirkulturelle musikkarrangementet i Norge. Festivalen vert arrangert kvart år i starten av juli. Festivalen presenterer eit variert program med etnisk musikk frå heile verda, og kan by på konsertar, kurs, utstillingar, barneaktivitetar og turar. Den vakre vestlandsnaturen dannar ei unik ramme rundt festivalen.
Hav- og fjellsportfestivalen Våt Moro vert arrangert i juli kvart år i Florø. Festivalen byr på ei stort utval av aktivitetar knytt til det våte element, i og rundt Norges vestlegaste by. Festivalen har eit godt tilbod for born og unge, og om kvelden kan ein vere med på ”after sea”.
Følg oss...
Facebook
Twitter
Youtube
Instagram