Om
Verket Pub ligg i historiske industriomgjevnader på det tidlegare teglverket i Vårdal. Puben ligg vakkert til ved Dalsfjorden, og har eiga djupvannskai. Bygget, som ein gong var eit bakeri, er restaurert med gjenbruk av stein frå det gamle teglesteinsverket.
I 1. etg finn du ein tradisjonell pub innreia med trebord og trestolar, samt peisovn. I 2. etg. er det intimscene og småbord med sofaer og lenestolar, og plass til å svinge seg. Scena ute har plass til større band for utekonsertar og dans.
Verket Pub byr på tradisjonelle pubkveldar, intimkonsertar, marknad, quiz, bryggjedans mm. Du kan leige Verket Pub til f.eks. bryllaup, fødselsdagsfeiringar, blåturar eller konferansar.
Velkomen til ein levande møteplass og eit levande miljø for alle!
Følg oss...
Facebook
Twitter
Youtube
Instagram