Florø er Norges vestlegaste by og byr på sjarmerande småbyliv. Her kan du nyte småbyidyllen samtidig som du har kort avstand til spanande aktivitetar og naturopplevingar. Omkransa av hav, fjell og ein vakker skjergard er Florø ei perle for naturentusiastar. Øyar som skyt opp av havet innbyr til spektakulære toppturar i havgapet. Skjergarden byr óg på flotte forhold for padling, dykking og sjø- og havfiske. I sentrum er Brandsøyåsen eit populært turmål som byr på vakker utsikt over byen, øyane i vest og fjordane i aust.
Kystmuseet i Sogn og Fjordane ligg i Florø. Museet ligg i eit variert kystområde bunde saman med spaservegar og bruer. Utstillingane på museet viser m.a. lokale båttypar, fiskeri, fraktefart, interiør i ein fiskarheim på byrjinga av 1900-talet, lokal fauna og ei av dei største permanente oljeutstillingane i landet. Florø er ein by med sjel og engasjement. Byen starta si historie i dei ”gode sildeåra” og vart tildelt bystatus i 1860. I dag, 150 år seinare er Florø vokse fram til å bli ein innovativ, jordnær og kompakt by – ein framtidsby perfekt tilpassa det moderne liv.
FLORØ ER LANDSKJENT FOR:
- Verdas lengste sildebord
- å være ein internasjonale idrettsarena m.a. med Florø Internasjonale Friidrettssfestival
- Sagaøya Kinn der du kvart år kan oppleve Kinnaspelet
- Svanøy kor du m.a. kan oppleve nasjonalt hjortesenter
- Helleristningane i Ausevika og Kystmuseet som gjev eit historisk perspektiv
NATURBASERTE OPPLEVINGAR
Florø er også eit perfekt utgangspunkt for naturbaserte ferieopplevingar som m.a.:
- kajakk i skjergarden
- toppturar til dei vakre øyane ute i havet
- segling
- kystrafting med Rib-båt
KULTUR OG IDRETT:
Florø har eit aktivt og variert kultur- og idrettsmiljø med m.a.:
- kulturskule
- musikk-, kor- og revymiljø
- dans
- idrettshall
- symjehall
- fotballbaner
- løkker
- .....og eit mylder av idretts- og fritidsorganisasjonar.
NÆRINGSLIV
Næringsliv er eksportretta og hovudnæringane er fiskeindustri, skipsbygging, forsyningsbase oljeindustri og servicenæring.
KOMMUNIKASJON
- 2 daglege avgangar (lørdag og søndag ein) med Ekspressbåt Bergen - Florø.
- Daglege avgangar med NOR-WAY bussekspress til Trondheim, Ålesund, Bergen og Oslo.
- Hurtigruta har stoppestad i Florø.
- Fleire daglege Direktefly frå Oslo (1 t) og Bergen (25 min. Flyplassen som er fylkets største ligg sentralt til med få minuttars køyring til sentrum og hamna.
KARAKTERISTIKKAR
Koordinater: 61°35′55″ N 005°01′02″ Ø
Areal: 5.98 km²
Befolkning: 11 408 (2008)
Bystatus: 1860 (Nr. 48)
BYDELAR
Havreneset
Krokane
Solheim
Brandsøy
Botnaholten
Tua
Reiseforslag finn du på en-tur.no.
Fly
www.wideroe.no
Ferge
www.hurtigruten.no
Buss
www.nor-way.no
Båt
www.fjord1.no
Kinn Kommune, KinnKinn kommune blei etablert 1. Januar 2020 og består av dei tidligare kommunane Flora og Vågsøy. Kommunen består av to geografiske adskilte deler. Reisetida mellom Måløy og Florø er 3 timer og 15 minutt med bil og 1,5 time med båt. Det går kystvegekspress mellom Florø og Måløy.
Turistinformasjonen i Florø, KinnTuristinformasjonen tipsar deg om kjekke ting å gjere på kysten av den nordlige delen av Vestland fylke - gjennom heile året.
Kystmuseet i Sogn og Fjordane, KinnSjå glimt av dagleglivet ved kysten - frå steinalder til oljealder! Kystmuseet har hovudbase i Florø med 3 utstillingsbygg og stort uteområde med gamle bygningar i flott kystnatur.
Kystmuseet i Sogn og Fjordane, KinnI kafeen på Kystmuseet kan du slappe av med kaffi, god mat og lokale aviser.
Kystmuseet i Sogn og Fjordane, KinnSjå glimt av dagleglivet ved kysten - frå steinalder til oljealder!
Dei lokale turistkontora gir deg god og nyttig informasjon.
Copyright © 2021 FjordKysten
Følg oss...
Facebook
Twitter
Youtube
Instagram