Om
Hardbakke er kommunesenteret i Solund kommune i Sogn og Fjordane. Det bur 259 personar på Hardbakke (per 2012). I tillegg til kommuneadministrasjon finn ein turistinformasjon, bank, post og næringsbygg med butikkar på Hardbakke.
Gjestehamn
Gjestehamna på Hardbakke er ein populær stoppestad for båtturistar om sommaren. Hamna har fasilitetar som toalett, dusj, og vaskemoglegheiter. Ved hamna ligg også restauranten Solund Bryggje, som er open om sommaren. Solund Bryggje serverer mat med kortreiste råvarer.
Kystarboretet
I Kystarboretet på Hardbakke er det planta 160 ulike planteslag. Rhododendronsamlinga er eit vakkert skue på forsommaren. I tilknytning til arboretet går det ein 5 km turveg i variert terreng, med flott utsyn over Sognesjøen.
Ravnenipa
Hardbakke ligg ved foten av fjellet Ravnenipa. Det er merka med vardar til toppen av fjellet, både frå nord- og sørsida. Frå toppen av fjellet har ein flott utsikt vestover og ein kan sjå heile kommunesenteret. Det er merka tursti rundt Ravnenipa. Bergarten konglomerat, som prydar heile kommunen, gjer også at moglegheitane for klatring er svært gode.
Øyhopping
Hardbakke er startpunkt for øyhopping - ein populær rundtur der ein er med den lokale postbåten på guida tur gjennom kommunen. Sjå aktivitetar - øyhopping for meir informasjon.
TripAdvisor
Følg oss...
Facebook
Twitter
Youtube
Instagram