Om
Hyllestad er ein kommune i Sogn og Fjordane fylke. Hyllestad ligg ytst på nordsida av Sognefjorden. Kjennemerke Hyllestad har den siste tida vorte kjent for kvernsteinproduksjon, ein industri som var i drift i nesten 1000 år. I Hyllestad finn ein Kvernsteinsparken, der ein kan sjå spor etter kvernsteinsproduksjonen.
Lihesten, eit landemerke på vestlandskysten, er det høgaste fjellet i kommunen og eit populært turmål.
Industri, landbruk og sjøbruk har vore grunnlag for størsteparten av sysselsettjinga i Hyllestad. Hjørnesteinsverksemda er båtverftet Havyard Leirvik.
Hyllestad kommune vart skipa i 1862 ved at Hyllestad og Øn sokn vart skilde ut frå Askvoll kommune og slegne saman med Bø sokn frå Lavik kommune. Ved skipinga budde det 2475 personar i Hyllestad kommune. I 1888 vart garden Krakken med 17 innbyggjarar overførd frå Hyllestad kommune til Solund kommune.
TripAdvisor
Følg oss...
Facebook
Twitter
Youtube
Instagram