Askvoll er fylt av naturopplevinga. På ein og same dag kan du oppleve vakkert fjordlandskap ved Dalsfjorden og idyll på sjarmerande øyer lengst vest i havgapet. Lurer du på kva plasser du skal besøke i Askvoll? Her er vår toppliste!
1. Værlandet og Bulandet
Opplev Norges vestlegaste bebudde samfunn, øyriket Værlandet og Bulandet, vest for Askvoll. Øyane her er som perler på ei snor, vakkert bunde saman av seks bruer og ein veg på 11 km. Desse øyane er eit populært reisemål for dei som liker sykling, padling, fiske eller fotturar. Det er herleg å dra på øyhopping mellom mylderet av øyer med sykkel frå Værlandet til Bulandet.

2. Alden
Ta turen til Alden og gå opp på den Norske hest – fjellet som stig nærmast loddrett opp av havet. 481 meter høgt og synleg meir enn 100 km til havs er Alden eit av dei mest markante seglingsmerka på Vestlandet. Frå toppen har du fantastisk utsikt i alle retningar

3. Holmedal - Vikingshistorie og knivfabrikk
I den idylliske bygda Holmedal finn du knivfabrikken Helle knivfabrikk. Fabrikken produserer høg-kvalitet knivar inspirert av fjord og ope hav. Her kan du besøke fabrikkutsalet og gjere eit godt kjøp. I Rivedal kan du sjå statuen av Ingolf Arnarson, som grunnla den første busetnaden på Island.
4. Atløy
Besøk den sjarmerande øya Atløy og la deg sjølv bli fanga av vakre omgjevnader. På Atløy finn du trekyrkja Vilnes kyrkje som vart bygd i 1674. Øya er eit turparadis med mange gode turmoglegheiter. Kva med ein topptur til Skredvarden 636 meter over havet, eller besøk Brurastakken, pynta i stripete skjørt i svart, kvitt og grønt. Brurastakken er lett synleg når du kjem sjøvegen og er eit eldorado for geologar på feltarbeid.
5. Topptur til Blegja
Blegja er med sine 1304 meter over havet det høgste fjellet i FjordKysten området. Her kan du sjå heile vegen til Jostedalsbreen og dei sju fjella som ligg rundt
Bergen. Vegen opp er bratt og krevjande, men er vel verdt det når du kjem på toppen. Blegja er ein dagstur i variert terreng. Turen krev god kondisjon og ein stødig fot.
6. Askvoll
Nyt ein lat sommardag ved å utforske Askvoll. Om sommaren myldrar det av liv i gjestehamna. Nyt eit godt måltid på Askvoll Sjøbuer Mat & Drikke eller Askvoll Fjordhotell, eller rusle deg ein tur til Askvoll Sjømat & Delikatesser på gamlekaia i Askvoll. Følg kulturvandringsløypa “I Anders Askevold sine fotspor”, eller ta deg ein dukkert på badestranda ved småbåthavna. Her er det også klatrepark og sandvolleyballbane.
7. Sjøsportsenter & Glamping
Ta med familie eller venner til ein magisk glampingoppleving. Nyt late dagar ved FjordLagunen som ligg vakkert og lunt til i sjøkanten, 7 km frå Askvoll sentrum. Her kan du nyte det opne landskapet med panoramautsikt over fjorden og fjella i bakgrunnen. Slapp av på den 400 meter lange sandstranden, aktiviser deg på sjøsportsenteret, her har du aktivitetar for både liten og stor, eller ta ein pause og nyt sommaren på Smedhuset Kafé. På kveldane kan du danse på kaia og oppleve god stemning med song og musikk på Verket Pub.
8. Sykkel
Vegen mellom Værlandet og Bulandet er ein populær sykkeltur. Sykkelturen kan kombinerast med ein øyhoppingstur til nokon av dei vestlegaste øyane i Norge. På den 11 kilometer lange sykkelturen mellom Bulandet og Værlandet syklar du over ei perlerad av bruer. Terrenget er storslått, og du syklar forbi kunstinstallasjonar, sjarmerande sjøbuer og over tronge sund. Frå dei 6 bruene som knyt øyane i saman har du storslått utsikt over øyer og hav. Før eller etter sykkelturen kan du reise på øyhopping mellom Bulandet og Solund! Du kan leige og levere sykkelen på ulike stader i Bulandet og på Værlandet, noko som gjer det mogleg å sykle ein veg eller tur/retur. Dersom du syklar direkte kan du rekne om lang to timar på turen mellom Bulandet og Værlandet.
Sykle gjennom lite trafikkerte landeveg i Askvoll. Frå Stongfjorden til Askvoll syklar du langs med Eidsfjorden gjennom svingete veger og fascinerande fjell.
Ta ferga frå Askvoll til Fure og sykle på Atløy. La deg sjølv bli fanga av vakre omgjevnader.
9. Skålefjellet
Skålefjellet byr på fantastisk utsikt 767 meter over havet! Fjellet er lett tilgjengeleg frå sør, aust og vest og det går fleire ruter opp til toppen. Den mest brukte ruta går frå Stongfjorden.
10. Kulturvandringsløype i Stongfjorden
Hjarteleg velkomen til Stongfjorden – bygda som var ein av dei første og viktigaste industristadane i Norge. Bli med på kulturvandring i Norge si tidlege industrihistorie. Løypa tek deg med rundt i denne gamle og ærverdige industribygda og viser deg stadar knytt til Nord-Europas første aluminiumsverk. Løypa er 1,2 km lang og har 9 stopp. Det tek om lag 40 minutt å gå inkludert formidling på kvart stopp. I 1907 starta British Aluminium Company det første aluminiumsverket i Nord-Europa her i Stongfjorden. Rundt verket vart det skapt eit vel fungerande og velståande industrisamfunn. Her hadde dei elektrisk gatelys som dei første i landet, og frå 1908 hadde mange hus innlagt straum – 50 år før resten av området. Stongfjorden opparbeidde seg ekspertise på aluminiumsproduksjon som seinare vart nødvendig andre stader i Noreg. Og noko som var sjeldan på den tida - folk herifrå kunne betale for seg med pengar. Folk kom til Stongfjorden for å få del i den nye tida!
Sjå filmen om Askvoll her!
Følg oss...
Facebook
Twitter
Youtube
Instagram