Fjaler byr på både natur- og kulturopplevingar. Her finn du fødestaden til Jakob Sande, teaterfestival, eit rikt utval av merka turløyper og fjord- og kystopplevingar innan korte avstander. Lurer du på kva du kan gjere i Fjaler? Her kjem vår topp 10 liste:
1. Jakob Sande tunet
Den folkekjære diktaren Jakob Sande (1906 – 1967) er fødd og oppvaksen på Klokkargarden i Dale. Her finn du Bestefarsstaua med museumssamlinga, Løa og våningshuset med kontor, diktar-residens og overnatting. Frå 21. juni –16. august er tunet ope kvar sundag kl 14-17 med sommarkafèen «Lisa i Li» og litterær sommarsalong på Løa og du kan følgje ein omvisar i diktarens fotspor. Laurdag 15. august er det stort opningsarrangement av «Senter for forteljekunst på Vestlandet» . Sjå facebook og nettside . Tlf 99548767
2. Kulturvandring i Dale
Vil du gjere deg meir kjend med bygningane og historia til bygda Dale, bør du skaffe deg heftet Kulturvandring i Dale (2014). Det er å få kjøpt i 1. etasje på Fjalerhuset og i Jakob Sande-tunet.
Det er også ei eiga kulturvandringsløype i Jakob Sande sine fotspor gjennom Dale. Via mobilen din kan du lytte til og sjå videoar som omhandlar Jakob Sande sitt liv og dikting. Sjå meir på kulturvandring.no
3. Dale
Kommunesenteret Dale er ei sjarmerande fjordbygd med eit godt utval av butikkar og kafear, bubilcamp og motell. I småbåthamnene er det gjesteplassar for båtar. Begge hamnene er i gangavstand til sentrum. Hos BUA Fjaler og Samvirket midt i Dale sentrum kan du låne fritidsutstyr heilt gratis. Blant anna kano og kajakk.
Klatreparken midt i sentrum er også populært blant barna. Ved Dale senter er det ladestasjon for elbilar. Lokalisert nær sentrum ligg badevika, eit flott tilrettelagt uteområde med sandstrand, volleyballbane, grillar, dusj og toalettfasilitetar.
.jpg)
4. Teaterfestivalen i Fjaler
Den første teaterfestivalen i Fjaler vart arrangert i 2013, og har gått av stabelen kvart år i september sidan. Årets festival er frå 10. - 13. september. Program for festivalen finn du her

5. Laks og sjøaurefiske i Flekke og Guddalsvassdraget
Vassdraget strekkjer seg omlag 30 km frå Flekkefjorden til fjellet i Guddal. Dei første 8,5 km opp til Harefosssen utgjer anadrom del av elva. Informasjon om fiskekort finn du her
6. Lammetun Kystfort
Lammetun Kystfort vart bygd frå oktober 1941 og skulle saman med Furefortet ha kontrollen med Vilnesfjorden og Buefjorden, samt sperre innløpet til Dalsfjorden. Fortet er godt bevart og ligg like ved Lammetun Ferie og Fritid. Les meir om dei her
.jpg)
7. Korssund
Korssund er ein gamal gjest-gjevarstad heilt vest i Fjaler kommune, med ei rik og spanande historie. Staden har fått navnet sitt etter ein 4 meter høg steinkross som vart reist av kong Olav den Heilage om lag år 1030 under kristninga av Noreg. Korsen er av typen "Olavkross", og er ein av dei største i landet. Korssund er ei naturleg god hamn, og her er eit myldrande båtliv om sommaren.

8. Segltur med Bakkejekta
Kvar tysdag kl. 19 i heile juli kan du bli med på segltur med Bakkejekta på Dalsfjorden. Du får oppleve vakker fjord, bygder og fjell, gode historier om fjordfolket, naturen og islendingane herifrå og ikkje minst: er det vind, får du oppleve ei jekt frå 1700-talet under segl. Påmelding til +47 97 07 91 39 seinast dagen før kl. 17. Start ved Jensbua Kystkultursenter på Tysse.
På Tysse ligg også sorenskrivargarden Lillingstoneheimen, med ein vakker park og gravstad, Fredensborg, som vart anlagt av sorenskrivar Nils Landmark. Lillingstoneheimen er eigd av fortidsminneforeninga og er open for omvising og overnatting etter avtale. Telefonnummer: +47 992 59 072

9. Dagsturhytta Vidsyn, Bygdeheia
Dagstyrhytta i Fjaler ligg på Bygdeheia og er eit lågterskeltilbod for turgåarar - ein plass for å ete matpakka si, få litt varme i seg og bla i bøker. Kvar hytte har eit nynorsk turbibliotek med mange ulike bøker.
TiTur Dalsfjorden
Turen opp er ein av dei ti turane på TiTur Dalsfjorden 2020. Logg deg inn på appen DNT SJEKKUT - der finn du flotte turar fordelt mellom Askvoll og Fjaler.
Tilkomst og parkering
Starten ligg om lag 40 minutt køyretur frå Dale. Starten ved Furset ligg mellom Fure ferjekai og Våge skule. Ein kan ta av ved skilt ved fv65 og køyre 750 meter langs skogsveg der det er parkeringsplass. Ein kan også starte frå Skor ved Folkestad. Det er best parkering på Furset-sida.
Stien til hytta
Det er om lag like langt å gå frå begge sider. Stien frå Furset har nokon blaute parti som skal ordnast. Stien frå Furset startar på skogsveg, før ein går brått til høgre. Derifrå går ein slakt oppover før ein går opp ei lita kneik til høgre. Deretter slakt oppover til Bygdeheia. Bonus etter få høgdemeter er fantastisk utsikt ut i havet mot Alden.

10. Hellevik
Leonards Forlaavelse tilbyr småskala mat og oppleving. Stor ostedisk og interiørbutikk. Intim og autentisk atmosfære. På Hellevik ligg også daglegvarebutikk og ei fin sandstrand om du ønskjer å bade. Vel verdt eit besøk er også kulturminnet Nilsbua som er under restaurering.
Sjå filmen om Fjaler her
Følg oss...
Facebook
Twitter
Youtube
Instagram