Hyllestad er fylt med små, idylliske stadar der du kan slappe av og nyte. Lei deg eit feriehus eller bu på eit koseleg familiehotel. Uansett kva du vel er utsikta over fjorden garantert. Lurer du på kva du kan gjere i Hyllestad? Her kjem vår topp 10 liste:
1. Lihesten
Spektakulære Lihesten er eit berømt landemerke på kysten og er mest sannsynleg ein av dei mest fotograferte fjella i vår region. Fjellet har mange forskjellige stiar og du kan bruke fleire dagar på å utforske. Ein rundtur langs opp til populære Gygrekjeften tek ca. 5-6 timer tur/retur. Likar du å klatre litt, så går du Nipestien opp til Gygrekjeften. Høgaste punkt er Risnesnipa med 777 moh. Stiane kan vere krevjande, men utsikta på toppen er verdt alt strevet. Her er mange små, idylliske stader der du verkeleg kan oppleve fred og ro. Her er du garantert fjordutsikt!
Havørn-ulykken var den første flyulykka innan sivil ruteflyging i Norge. Ulykka inntraff den 16. juni 1936. I sjutida på morgonen flaug flyet med namnet Havørn inn i fjellveggen. Alle som var ombord, eit mannskap på fire og tre passasjerar, mista livet i ulykka.
2. Kvernsteinsparken
Reis tilbake i tid. Kvernsteinsparken er eit utandørs museum i dei største steinbrota frå Vikingtida og mellomalderen i Skandinavia. Her jobba steinhoggarar og tok ut kvernstein etter kvernstein. For kvernstein var noko alle måtte ha. Utan kvernstein blei det ikkje noko mjøl – og ingen mat. Ta med deg familien og delta i eit bredt spekter av aktivitetar. Du kan male korn med kvernstein. Mjølet du laga kan du bruke til å lage deig som du kan steike over eit bål.
I Kvernsteinsparken bur det eit Kvernsteinstroll som skjuler sin skatt! For å finne skatten må du først gå Trollstien og løyse spennande oppgåver. For kvart riktig svar får du eit tips om kor skatten er. Viss du klarer å finne han, får du lov å ta ein titt på trollet. Men psst - han søv!
3. Fiske og båtliv
Viss du likar å fiske har du kome til rett stad. Her kan du fiske frå typiske kystområde til meir skjerma dalføre og lyngheiar, og eit mangfald i geologi og plantedekke. Hyllestad er eit eldorado for fiskeentusiastar frå heile verda. Du kan velje om du ønskjer å vere med på ein guida fisketur, eller leige båt og reise på eiga hand.
Hyllestad ei fantastisk kystlinje med Sognefjorden og Åfjorden som munnar ut i storhavet. Med tusenvis av øyar, holmar og skjær har kystlinja vore livsnerven i Hyllestad gjennom hundrevis av år. Dra ein tur på sjøen og segl i farfedrane si led og opplev ein bit av rikdommen og historiene som er skapt i dette unike farvatnet. Lei ein båt og dra på eige hand, eller endå betre: ta turen med ein lokal guide
4. Kvernhusfossen i Skor
Kvernhusfossen i Skor er ein av Norges flottaste samling av vasskverner. Her finn du fem restaurerte kvernhus og eit sagbruk. Den Trondhjemske Postvei går rett forbi og du kan kvile ved ei flott steinbru. Opplev guida tur til Kvernhusfossen. Her kan du enten gå denne turen for seg sjølve, eller at ein går langs den gamle kyrkjevegen.
5. Vandring og fotturar
Å utforske fjell og natur er for dei aller fleste av oss ein del av det å vere nordmann. Når våren kjem og snøen smelta tar vi på oss turkle og gode sko og går på tur. Enten det er på fjellet eller vandring langs fjordar og sjø, langs Hyllestad finn du turar som passar for alle. Frå eit fjell på bare 350 meter over havet kan du på ein klår dag sjå over 60 km ut.
I Hyllestad finn du mange fine, idylliske vegar med lite trafikk som passar fint til fotturar. Sørefjordhytta som er Hyllestad si dagsturhytte, er vorten eit populært turmål. Hytta ligg like ved stien til Hesjetiden, og ein har nydelig utsikt mot Lihesten og ut over Åfjorden.
Den Trondhjemske postveg er ein 40 km lang strekning mellom Dale i Fjaler og Leirvik i Hyllestad. Turen er eit flott utgangspunkt for vandring, og her kan ein sjå flotte eksempel på tidlig tørrmurarhandverk. Postveien er behageleg som fotsti med få høgdemeter. Det meste av vegen er bilfri og idyllisk.
6. Kulturvandring i Hyllestad
Bli med på kulturvandring gjennom Hyllestad saman med Martha. Martha vaks opp i Hyllestad rett etter andre verdskrig og har budd her mesteparten av livet sitt. Ho viser deg «sitt» Hyllestad og fortel om barndomen sin, om spanande uteleikar, harde slåstkampar mellom gutar og jenter og ein farleg tur opp til Lihesten. Det var ei verd utan fjernsyn, med få bilar og telefonar og med krigen fortsatt friskt i minne. Det var eit liv der borna hadde mykje fridom og ordna seg sjølv, samtidig som dei måtte hjelpe dei vaksne som jobba hardt for å få endane til å møtast. Martha legg vekt på at det ho fortel er hennar versjon av korleis det var på Hyllestad den gongen. Andre har kanskje opplevd det heilt annleis. Løypa er ein rundttur med 8 stopp-punkt og er 2,7 km lang. Vegen er enkel å gå utan store stigningar.
Opplev historiske stadar og spanande historie gjort levande gjennom video- og lydfortellingar i lette kulturvandringsløyper langs FjordKysten. Ved hjelp av mobiltelefonen din lastar du ned fortellingane undervegs i løypa.
7. Sykkel
Planlegg du sykkelferie? Då er FjordKysten perfekt for deg. Du syklar på flotte landevegar gjennom idyllisk og vakkert landskap full av kulturhistorie. Kva med å kombinere sykkelturen med spanande kulturopplevingar?
Ein fin rundtur med litt oppoverbakke og utsikt over Sognefjorden er frå Hyllestad sentrum eller Leirvik via Lavikdal til Lavik og så langs Sognefjorden tilbake til Leirvik (ca. 50 km.)
Har du terrengsykkel kan du sykle på den Trondhjemske postvei. I følgje mange erfarne terreng-syklistar er dette ein av dei største sykkelopplevingane her til lands. Opphaveleg var det bygd 19 steinbruer på postvegen mellom Dale og Leirvik, og fortsatt står mange av dei som stolte og flotte eksempel på tidlig tørrmurarhandverk. Kun nokon få stadar på den 40 km lange strekninga mellom Dale i Fjaler og Leirvik i Hyllestad er underlaget så ujevnt at det er best å trille sykkelen. Iblant må du inn på den asfalterte RV 57, men det meste av vegen er bilfri og idyllisk. Postveien er også behageleg som fotsti med få høgdemeter.
Sykle langs Åfjorden, eit landskap forma av steinhuggere gjennom meir enn tusen år.
8. Kajakk
Oppdag Hyllestad frå kajakken. Ta deg ein tur mellom holmar og skjer langs hav og fjord, eller på flotte vatn i kommunen. Padling passar for dei fleste, gammal som ung, og du kjem tett på naturen på ein måte du ellers kanskje ikkje opplever.
9. Hyllestad Biljardklubb
I Hyllestad ligg kanskje Norges beste biljardklubb. Som seg hør og bør finn du dei i ein av Norges beste biljardhallar. Så om veret ikkje viser seg frå si beste side, eller du rett og slett har veldig lyst til å spele biljard, er du hjarteleg velkommen til å ta turen til biljardklubben. Her kan du også sjå landslagsspelarane trene, og kanskje få eit tips eller to frå dei aller beste.
10. Nesje fort
Sommaren 1940 starta den tyske marinen bygginga av eit kystfort på Nesje. Det var viktig for den tyske marinen raskt å få etablert eit forsvar av innseglinga til Sognefjorden. Difor starta marinen bygginga av Nesje fort. Formålet med fortet var kanoner som kunne nå utover Sognesjøen. Fortet ligg fint til ved sjøen og ein har full oversikt over innseglinga til Sognefjorden.
Sjå filmen om Hyllestad her!
Følg oss...
Facebook
Twitter
Youtube
Instagram