Vågsøy er fylt med små idylliske stader der du kan nyte og slappe av. På ein og same dag kan du oppleve spanande krigshistorier til mektige naturopplevingar. Her er du garantert gode opplevingar! Lurer du på kva du kan gjere? Her kjem vår toppliste:
Kystbyen Måløy
Med ryggen vendt mot havet, kopla saman med fastlandet av Måløybrua er Måløy eit av landets viktigaste fiskerihamner. Bli sjarmert av Måløys gater, utforsk gatekunsten som pryder veggane i sentrum og høyr spanande historier frå krigen på Måløyraidsenteret. Du finn eit stort og fristande utval av butikkar i den små og trivelege handlegata, Gate 1. La deg bli frista av koselege kafear og restaurantar der du kan velje alt i frå fish and chips til sushi.
I enden av gate 1 finn du gjestebrygga i Måløy. Her har du gode fasilitetar som sanitærbygg med dusj, vaskemaskin og tørketrommel. Det er tilgang til vatn og strøm, og medan du griller middag på kaia kan ungane leike på leikeplassen.

Måløyraid Senteret
Tidleg morgon 27. desember 1941; Julefreden bryt med eit brak. I løpet av 10 minutt fell over 560 engelske bomber over Måløy. Dei neste seks timane er det full krig; flybomber, gatekamper og skyting frå krigsskip. Gjennom det øredøvande bråket; lyden av ein lys sekkepipe. Originale bilete frå raidet og metervis med original film blir vist i ein levande utstilling som har rørt tusenar av besøkjande. Utstillinga viser og originale uniformer, sekkepipa til Mad Jack og Martin Linge´s pistol, og du kan kjenne lukta av julebakst og eksplosjonar. I tillegg til utstillinga om Måløyraidet er det utstillingar om Martin Linge, Kompani Linge og om den vågale Shetlandsfarten. Du kan også få vite meir om korleis det var å vere tysk soldat i Måløy under krigen.
Senteret ligg sentralt plassert midt i Måløy sentrum med parkering på torget og gode kafear rett i nærleiken.

Fyr
På vestkysten av Vågsøy finn du Kråkenes fyr. Eit område som er berykta for sitt vêrharde klima. Ulvesund fyrstasjon er eit av fire fyr som guida skip trygt rundt Stad – ein av dei mest vêrharde stadane langs Norskekysten. Slapp av med ein kopp kaffi i den solfylte hagen dekka med blomar medan du nyt panoramautsikten over båtane som seglar forbi. På den nordlige spissen av øya Vågsøy finn du Skongenes fyr. Ta med deg familien på ein søndagstur, slapp av og nyt lyden av bølger som skvulpar i sjøkanten. I starten av juli kan du besøke Hendanes fyr. Fyret ligg på sørvestspissen av Vågsøy ved bygda Færestrand. Spaser ut på stien og nyt flott utsikt over Kvalheimsvika og bygdene Kvalheim og Oppedal.
Refviksanden
Nyt late dagar på ein av Norges flottaste strand, Refviksanden. Ta med familien på ein stranddag, snorkle etter fisk, surf eller berre ligg på madrassen og nyt livet. Ta ein spasertur rundt Refvik og bli fascinert av husa. Visste du at alle husa har ein murvegg på den sørlige sida av huset? Dette er for å beskytte husa mot å bli blåst ut til havs med dei sterke hauststormane som kjem som ein tunnell gjennom dalen.
Kannesteinen
Kannesteinen er ein spesiell stettforma stein som ligg i fjæra i bygda Oppedal, ca. 10 km frå Måløy sentrum. Den spesielle steinen er forma av hav og bølger gjennom fleire turen år, og slipt med vannbeveging. Steinen er om lag 3 meter høg. Det er gode parkeringsmoglegheiter ved steinen og det er ope heile året.
Stopp og nyt synet av fiskeværet Torskangerpollen med sine mange naust og rorbuer. Rundt slutten av 1800-talet og starten av 1900-talet var det eit yrande liv her. Havet var fylt med torsk og så godt som 500 fiskarar hadde sitt virke i denne vesle bygda. Ein kan verkeleg kjenne eit historisk sus når du ruslar blant dei gamle bygningane.
Opplev naturen med Sjøbris Adventure
Bli med Sjøbris Adventure og opplev naturen frå ein heilt ny vinkel. Utfordre deg sjølv både i vatn og på klipper. Coasteering er ein kombinasjon av fri dykking, symjing, klippehopping og buldring. Dette er ein aktivitet som kan tilpassast alle alder og er eit ypparleg utgangspunkt for teambuilding eller ein utfordring for familien. Coasteering går føre seg både i sjø og på land, og saman med ein erfaren guide, kvalitetssikra ruter og sikkert utstyr kan du hoppe, klatre, og svømme langs klippene ved havet. Fortsett ferien med å oppleve frilufts- og naturopplevingar frå kajakksetet. Kom tett på naturen på ein måte du elles kanskje ikkje opplever den. Padling passar dei aller fleste, gammal som ung, og her kan ein skreddarsy turen slik du ønskjer den.
Avslutt dagen med yoga ute i naturen. Friluftsyoga er ein unik kombinasjon av det spektakulære og det nære. Praksis tilpassast vêr og forhold - ønskjer og behov.

Explore 62 North
Seil med oss og skap minner for livet. Vi vil bringe deg tett på elementa. Vi skal leike og utfordre, skape engasjement, historier, minner og mestringsfølelse. I fjæra og ved havet. Det er noko eige med vind, bølgeskvulp og ramsalt sjøluft. Det er denne følelsen og opplevinga vi søker å formidle våre gjester. Bli med Explore 62 North på spennande utflukter i sommar.
Havørnbestanden rundt Vågsøy har auka kraftig dei siste åra. Du kan bli med og møte dei på nært hald. Visste du at dei største hoene har eit vengespenn opp mot 2.40 meter?
Omgitt av ope hav og fjordar kan du bli med og leite etter dei beste fiskeplassane der lyren og torsken bit. Ved godt ver vil turen gå ut mot Klovningen og skjæra rundt. Elles vil fisking skje i meir rolege omgjevnader rundt Gangsøy og Bjørnøy.
Kva er vel ikkje betre enn å nyte late sommardagar med bading, soling og enkel grillmat. Bli med å segle frå Måløy til Halsørsanden, også betre kjent som Sætrasanden. Her ankrar vi opp ca. 300 meter frå land der du kan slappe av og kjøle deg av i havet. Dei som ønskjer kan ta gummibåten inn på sjølve stranda.
Unn deg sjølv og dine kjære ein skikkelig kosetur! Bli med og segle ut til den sjarmerande holmen ved Venøy. Kjøl deg ned i sjøen og nyt varmen frå badestampen etterpå. Her fyrer vi opp i grillen og griller noko saftig kjøtt og gjerne noko fersk fisk. Er holmen utleigd går segleturen til Selje der vi et på Åhjemsbua.
Avslutt den perfekte dag med ein segltur i solnedgang. Vi motorsegla nordover Ulvesund mot Skongenes fyr. Her finn du mange flotte motiv på Stadhavet i solnedgongen! Vi tøffar vidare rundt øya Silda og tilbake til Måløy.

Vågsberget
Vågsberget ligg vakkert til mot sjøen ein kort køyretur frå Måløy, på vegen mot Vågsvåg og Kannesteinen. Her var eit av mange handels- og gjestgjevarstadar langs kysten vår, og er i dag eit av dei mest komplette og ivaretekne vi har att i Norge.
Fjellturar i området
Sommaren er ein fantastisk tid å oppleve Norges naturlandskap. Veten i Måløy ligg 615 meter over havet. Saman med Brurahornet danna Veten “bakgrunnen” for byen Måløy, og sett frå fastlandsida av Måløybrua ligg Veten til venstre og Brurahornet til høgre.
Med sine 689 meter over havet ligg Sankta Synneva-Hornet (Synnevahornet). Fjellet byr på storslagen utsikt i alle himmelretningar og kan nåast frå fleire kantar. Så pakk tursekken, knyt skoa og kom deg ut til fjells!
Med vakker utsikt over båt trafikken som kjem både sør- og nordfrå kan du spasere opp kjærlighetsstien. Frå kyrkja i Måløy kan du spasere opp på flotte trapper opp til den flotte trimløypa. Dette er ein fin tur for barnefamiliar der du vil få storslagen utsikt over Måløy by og dei flotte fjella på motsett side. Ved sidan av turløypa finn du Måløy stadion der ein kan stoppe og leike.
Turen ut på Mehuken går på ein fin grusveg i frå Movatna og er ein tur som passer for dei fleste. Ytst ute på platået ligg ein liten varde med flott utsikt over Kråkenes og havet rundt. Her kan du skrive namnet ditt i boka!
Festivallivet
Ta på deg badeskoa, få sand mellom terna og opplev den magiske atmosfæren med god musikk på Strandfestivalen i Refvik. Denne festivalen utgår på grunn av Covid-19, men du kan allereie planlegge å vere med på neste års festival.
«Elvis left the building» og kom til Måløy. I slutten av august er det duka for Elvisfestivalen. Et eit godt måltid i Graceland eller ta ein kopp kaffi på kafé Boulevard. Sjå paraden med norske og amerikanske flagg og lytt til god klassisk Elvis-musikk.

Følg oss...
Facebook
Twitter
Youtube
Instagram