Øyriket Solund er den vestlegaste kommunen i Norge. Med 1700 øyar, holmar og skjer vest i havgapet er Solund eit populært reisemål for båt- og fiskeferiar. Solund ligg kun to timar frå Bergen og er eit utmerka reisemål for alle som leiter etter spennande naturopplevingar. Lurer du på kva du kan gjer i Solund? Her kjem vår toppliste:
1. Kajakk
Solund er eit eldorado for padling. Med tusenvis av øyar, holmar og skjer i vakker urørt natur gir Solund deg nokon av dei beste padleopplevingane Norge har å by på. Opplev sjarmerande fiskevær og ein unik geologi frå din kajakk. Kanskje du vil møte på havørna når du er ute og padla?
Norsk Kystkulturakademi, NKKA tilbyr guida kajakk turar og kurs i denne spektakulære kystnaturen.
.jpg)
2. Utvær
Du kjem ikkje lenger vest i Norge enn Utvær. Staden har både historisk sus og ein natur som fengjer. Utsikta frå fyret er utroleg flott. Når du vandrar på øya kan du sjå tufter etter kapellet som vart flytta i 1718 og merke etter sliping av sverd. Det mest fasinerande er likevel naturen og havet - lengst vest i Norge. Fyrtårnet på Utvær ragar 31 meter over berget og sender lyskjegla i 45 meters høgde over havflata. Lysblinken kvart 30. sekund når 35 km ut i Nordsjøen. I fleire tiår har den vert det første synet av land for dei som nærmar seg den norske kysten om natta. Utvær Fyr vil bli restituert i juni månad, men vil vere klar for besøkande igjen 7. juli.
Og du? Visste du at Utvær fyr er motivet på den nye 50-krone setelen?

3. Øyhopping med den lokale postbåten
Bli med den lokale postbåten på øyhopping til Solund, Bulandet og Værlandet. Opplev dei vestlegaste øyane i Norge og kom tett på det spektakulære landskapet med tusenvis av øyer, holmar og skjer. Den lokale postbåten i Solund binder øy-samfunnet saman ved å levere post og transportere fastbuande frå ein øy til ei anna. Siste stopp på den ordinære postruta er det idylliske fiskeværet Gåsvær, og her får ein moglegheit til å gå på land. Gåsvær er ein gammal handelsstad, og ein får møte det lokale vertskapet. Etter stoppet på Gåsvær fortsetter båten nordover til Bulandet i Askvoll kommune. Her kan du utforske øyane på eiga hand før båten går i retur til Hardbakke.
4. Sykkel
I Solund er det flotte forhold for sykkelturar. Ta med deg sykkelen på øyhopping. Sykle på lite trafikkerte vegar som innbyr til fine natur- og sykkelopplevingar. Ferje og båtar frakter deg mellom øyane og er ei oppleving i seg sjølv. Sykle nordover langs det idylliske Liasundet. Passer dei idylliske grender og ta turen til “solnedgangsbenken” som ligg rett ved vegen. Her kan du sjå sola gå ned i havet utover Lågøyfjorden. Frå Hardbakke kan du sykle vestover til Daløy og ta den sjarmerande ferga til Haldorsneset. Frå Haldorsneset kan du sykle nordover til Ytrøy der Solundmat held til. Her kan du kjøpe fenalår av villsau eller snackpølse til turen vidare. Ta turen tilbake til Hjønnevåg og spis lunsj på kroa. Kafeen er ope om sommaren.
5. Pollatinden
Pollatinden er det nest høgste fjellet i Solund og vert omtale som Dronninga øyriket. Om det er det faktum at fjellet er det nest høgste fjellet i kommunen som er opphavet til dronningnamnet, eller det at Dronning Sonja har fleire gonger gått opp på fjellet veit ingen. Fjellet ruvar 541 meter over havet og byr på fantastisk utsikt over dei vestlegaste øyane i Norge. Turen er middels krevjande med bratt stigning på berg. Turen tar ca. 2-3 timar tur/retur.
6. Nordsjøløype
Kom tett på den vakre naturen i Solund. Turen i Nordsjøløypa i Ytre Solund viser deg det beste av kystnatur nær storhavet. Finn roen mens du vandrar i urørt natur over fargerike konglomeratberg, langs stille vatn og lune vikar til lyden av bruset frå storhavet i vest.
Undervegs kan du nyte fantastisk panoramautsikt i alle retningar; ein kan sjå dei karakteristiske seglingsmerka Alden og Kinnaklova i nord, Norges vestlegaste fyr Utvær i vest, og ikkje minst - det endelause storhavet. Er ein heldig kan du få eit glimt av både hjort, oter og røyskatt som alle lever i området. Ein bør også hugse å løfte blikket - havørn på jakt eller bytte er ikkje eit uvanleg syn.
7. Fiske
Omgitt av ope hav og fjordar i Norges vakraste skjergard er forholda perfekt for sjøfiske, året rundt. Her kan du fiske makrell, sei, torsk, hyse, lange, krabbar og kreps. Om du kastar snøret djupt nok kan du også få kveite eller breiflabb på kroken. Det er fleire plassar der ein kan leige båtar.
8. Sognesjøhytta
Vandre til Sognesjøhytta som ligg sør for Hardbakke. Nyt eit flott utsyn over Sognesjøen, om lag 15 meter over havet. Dagsturhytta er eit lågterskeltilbod for turgåarar - ein plass for å ete matpakka si, få litt varme i seg og bla i bøker. Nærme dagsturhytta er ein liten, skjerma våg der kajakkar lett kan legge til.

9. Nord Solund
Ta ein rundtur med postbåten til dei mange småbustadane i Nord-Solund. Båtturen startar frå Hersvik kai. Turen går innom Hamnaneset, Kråkenes, Stølsvik, Nilsvik, Saltskår, Færøy, Buskøy og tilbake til Hersvik. Postruta tar ca. ein time og går kun i vekedagane. Ønskjer du å oppleve dei idylliske øyane i helgene kan du tinge skyssbåt etter rutetabell. Ruta er tingingsrute og reisande bes om å tinge plass seinast kl. 17:00 dagen før reisedagen og seinast kl. 17:00 på fredagar og rutene laurdag og søndag på telefon +47 958 49 972. Ta med deg kajakken og padle rundt dei fleire holmane og skjera i området. Padle ut til Ospa og besøk Ospekyrkja.
10. Frisbeegolf og villsau safari
Kombiner fysisk aktivitet, sosiale samspill og friluft. Frisbeegolf er eit stadig populær aktivitet, og i Solund finn du ei av landets råeste bane. Frisbeegolf speles som vanleg golf, bare at her bruker du ein frisbee i staden for ball og kølle. I Solund finn du 18 hol bane. Undervegs kan du møte dei lokale villsauene som går rundt Kystarboretet.
Følg oss...
Facebook
Twitter
Youtube
Instagram