Om
På øya Store Batalden, med høgste punkt på 492 m.o.h, ligg Norge sitt vestlegaste galleri.
Batalden Havbu er ein del av eit restaurert fiskarmiljø. Tre sjøhus og eit våningshus frå perioden 1820-1860, har vorte restaurert til feriehus. Det gamle autentiske miljøet er teke vare på, og staden vart tildelt Flora kommune sin byggjeskikkpris i 1992. Målar- og teiknekurs vert halde regelmessig.
Det er gode tilhøve for tur og fiske i området. På vestsida av Store Batalden har ein i seinare tid funne helleristningar som har vorte datert til bronsealderen, det vil seie omlag 1500 år f. kr. Fruktbarhetssymbol, gudane sitt fotefar og hjortefar er berre nokre av teoriane rundt kva bileta tyder. Helleristningane i Store Batalden kan knyttast saman med ristningane i Domba, og det store antal gravrøyser på Årebrot og i Botnane. Alt dette er frå bronsealderen og tyder på stor aktivitet i området på denne tida.
Batalden kjem òg med eit bidrag til soga om vikingane og deira herjingar. Kolbein Torljotson kom frå Batalden og om han kan ein lese i Snorre sine kongesoger.
TripAdvisor
Følg oss...
Facebook
Twitter
Youtube
Instagram