Om
Bremanger Fjordhotell i Svelgen er vakkert omringa av fjord, bre og ruvande fjell.
Situert i hjartet av den mektige naturen i Bremanger, vil ein oppleve at Bremanger Fjordhotell er ein stad for å nyte stilla - og hente ny energi for ein hektisk kvardag. Svelgen er det ideelle utgangspunkt for dagsturar både til fjells og til havs. Her har du eit eldorado av opplevingar like i nærleiken!
VÅRE ROM OG FASILITETAR
Du kan nyte den vakre utsikta over Nordgulenfjorden frå hotellet. Hotellet har 39 rom med eige bad, sitjegruppe og flatskjerm.
I første etasje finn du vår à la carte-restaurant som serverer smakfull, norsk mat. Om sommaren kan du nyte måltida på terrassen med utsikt over fjorden.
Hos oss kan dei miste leike i den populære leikekroken medan foreldra nyter ein god kopp kaffi like ved.
Etter ein lang dag passar det utmerka å ta turen til baren vår for å slappe av med noko godt å drikke. Du kan også slappe av i badstua og i solariumet som du finn på hotellet. Har du lyst til å halde formen medan du er på reise? I helsestudioet vårt finn du det du treng for ei god treningsøkt (under opparbeiding).
Du kan parkere avgiftsfritt ved hotellet.
KURS OG KONFERANSE
Bremanger Fjordhotell har moderne møterom med plass til høvevis 20 og 50 personar. Trådlaust internett, overhead, projektor og anna møteromsutstyr er sjølvsagt disponibelt. I lyse lokale har ein eit godt utgangspunkt for eit vellukka kurs eller møte.
Følg oss...
Facebook
Twitter
Youtube
Instagram