Om
Lammetun Ferie og Fritid ligg heilt vest i Fjaler kommune på ei landfast øy som heiter Lammetun, omlag 3 timars køyring frå Bergen. Frå campingplassen har du utsikt til den vakre Vilnesfjorden.
Vi har 20 faste plassar, i tillegg har vi fleire ledige plassar for tilreisande - dersom du ynskjer å ta bubilen eller campingvogna med deg og ta turen ut til kysten. Om du ynskjer å telte er det god plass til det. På campingplassen finn du sanitæranlegg med toalett og dusj. Det er og mogleg å tømme toaletta sine her for dei som har uttakbare toalett.
Om du ynskjer å sjå bilete frå campingplassen gå inn på vår heimeside: www.lammetun.no/camping
PRISAR
Bubil/campingvogn utan straum: kr. 250,- pr. døgn
Bubil/campingvogn med straum: kr. 300,- pr. døgn
Telt: Kr. 190,- pr. døgn
BÅT- OG KAJAKKLEIGE
Har du lyst til å ta deg ein tur på sjøen kan du leige båt med påhengsmotor og kajakk av Lammetun Feire og Fritid. Båtane er 15 fot og har ein motor med 15 hk. Det er mogleg å leige båtar og kajakk på både dags- og vekesbasis.
AKTIVITETAR
I området er det plassert ut benkar og bord. Her finn du bålgruver, bålpanner og ved slik at du kan slappe av og kose deg i vakker natur. Elles ligg vi nær fjell som har merka stiar, til dømes; «Einingsfjellet», «Bygdeheia» og «Alden». Her er det mykje bær og sopp for dei som likar å plukke det.
Vi tilbyr og aktivitetar som paintball, havrafting, frisbeegolf, paddle boards.
Lammetun Kystfort ligg like ved. Her har vi eit velholdt festningsanlegg frå 2. verdskrig. I hovudbunkersen er det hengt opp lokale bilete frå krigen, og i utkikkstårnet kan du sjå hjelpeteikningar/ målingar gjort av tyskerane for å betre lese posisjonen til skipa ute på fjorden.
For meir informasjon om våre aktivitetar, sjå vår heimeside: www.lammetun.no/aktivitetar
BOOKING
Epost: Booking@lammetun.no
Mobil: +47 90 65 24 90
Du finn oss også på:
www.lammetun.no
www.tripadvisor.no
Følg oss...
Facebook
Twitter
Youtube
Instagram