Om
Uthamn på Domba med 30 meter flytebrygge, plattingar og isolert grillhytte, vest på øya Hovden. Her er det fint turterreng. Vidare kan du fylgje Nordsjøløypa nordover til Kvanhovden fyr, eller over fjellet til Barekstad kor rutebåten legg til. Det er også kort vei til helleristningar. Bua på bryggja er laga for godt sosialt lag saman med andre båtfolk. Fin djupne i hamna som og passar seilbåtar. Det er eit trangt innløp og det kan være noko uroleg om det bles friskt. Uthamna har ikkje strøm eller vatn.
Følg oss...
Facebook
Twitter
Youtube
Instagram