Om
Fjord Moments har eit lite gjestehus ca 1,8 km frå Hyllestad sentrum. Det vesle gjestehuset har ein koseleg atmosfære, og det har berre to rom til utleige. Huset ligg rett ved fjorden i eit tradisjonelt fjordmiljø med naust og sjøhus. Gjestane våre får heimelaga frukost inkludert i opphaldet, og ein kan bestille middag i tillegg om ein ynskjer det.
Hyllestad er eit lite samfunn rett ved innløpet til Sognefjorden. Kommunen har ei rik historie, heilt frå før vikingtida og fram til moderne tid, og denne historia er framleis synleg og levande. Vi har flotte fjellområde for varierte fotturar, og det er kort veg til øysamfunna Solund, værlandet og Bulandet.
Eit opphald hos oss kan vere berre avslapping, eller ein kan være meir aktiv om ein ynskjer det. Vi ynskjer at dei som kjem hit skal få meir enn berre ei seng å sove i, vi håpar at gjestane våre verkeleg skal få oppleve staden vår, med alt det spennande den har å by på. Fjord Moments tilbyr difor og guida turar på fjell og fjord, så meir om dette under aktivitetssidene våre her på fjordkysten.
Heimstaden vår betyr mykje for oss, og vi ynskjer at gjestane våre og skal få eit meiningsfult opphald her, og kanskje til og med lære eller oppleve noko nytt!
Følg oss...
Facebook
Twitter
Youtube
Instagram