Om
Sørbøvåg er ei vakker vestlandsbygd ved innløpet til den verdsberømte Sognefjorden. Her ligg Fjordkick -flotte feriehus med panoramautsikt over Åfjorden og majestetiske Lihesten – eit eldorado for turgåarar og naturinteresserte. Gode fisketilhøve både i fjorden, lenger ut i havet og i dei mange fiskevatna på land. Fjorden er isfri heile året. Fantastisk turterreng så vel på sykkel, som til fots.
Feriehusa (Torsken, Seien, Lyren):
Passar for 4 - 7 personar
3 nye, komfortable hytter. Høg standard bygd i 2008 på solrike tomtar. Topp moderne med gode kvalitetar som vassboren golvvarme og sauna. Stove med stor TV m/parabol og dvd, kjøkken m/kombiskap, komfyr, oppvaskemaskin, micro, kaffetrakter, tekokar, brødristar, vaffeljern, mixar m.m. Eit bad med WC, dusj, sauna/boblebad og vaskemaskin og eit bad med WC og dusj. Fire soverom med seks enkeltsenger som kan setjast saman. Mogleg med ekstraseng. Terasse med grill og utemøblar. Utebod med stor frys og plass til fiskeutstyr. Parkering ved hytta. Gratis internett.
Anna:
Tilrettelagt for rullestolbrukarar på første plan. Ideell for barnefamiliar. Av omsyn til dei som er allergisk er husdyr ikkje tillatt. Båt- og sløyeplass ved nye betongflytebrygger, 50m.
Sjøbua (Laksen):
Passar for 2 - 4 personar
Sjøbu frå 1930-talet, ombygd til feriehytte på 1980-talet. Sjøbua er bygd så nær sjøen du kan komme, med panoramautsikt frå terassen. Perfekt for deg som elskar sjølivet og vil ha kortast mogleg veg til sjø og båt. Enkel standard med stove med TV m/parabol og dvd, kjøkken m/ kombiskap, komfyr, oppvaskemaskin,micro, kaffetrakter, tekokar, brødristar, vaffeljern, mixar, frys, m.m. Bad med WC, dusj, vaskemaskin, tørketrommel. Tre soverom med to enkeltsenger på kvert rom. Parkering 40 m. Gratis internett.
Anna:
Sløyeplass på brygga under terassen, med ferskvatn.
Aktivitetar og andre tilbod:
Området er glimrande utgangspunkt for fjellturar, båt-turar, fiske, padling, bading, dykking, sykling og riding. I tillegg leike- og badeplass, aromaterapi/spa, dykkesenter og Noregs kanskje beste biljardklubb - alle tilbod innanfor 100m frå hyttene.
Ny gjestehamn og oppstillingsplass for bubil, sanitæranlegg og Kvernsteinen Pub & Netcafé.
Sesong: Heile året.
For informasjon og priser, sjå våre nettsider: fjordkick.no
Avstand til:
Sjøen: 0-30 m
Badestrand: 30-100 m
Resepsjon og butikk: 20-50 m
Bensinstasjon: 50m
Følg oss...
Facebook
Twitter
Youtube
Instagram