Er du på utkikk etter ei oppleving utanom det vanleg? Då er fyrovernatting noko for deg!
Kysten av Norge er langstrakt, og ein finn mange fyrtårn som loser sjøfarande trygt mot land. Langs FjordKysten er det 4 fyrtårn der det er mogleg å overnatte.
Utvær Fyr i Solund er Norges vestlegaste fyr. Om sommaren kan du bli med på fyrsafari til Utvær. Det er også mogleg å vere vertskap på fyret. Då får ein bu gratis i fyrmeisterboligen mot at ein gjer dugnadsarbeid og tar imot besøkande til fyret. Ta kontakt med Vener av Utvær for meir informasjon.
Kvanhovden Fyr ligg på øya Hovden, nord for Florø. Fyret ligg på ei klippe og er eit av dei høgste plasserte fyra langs kysten. Frå fyret har ein storslått utsikt! Fyret er enkelt innreidd og har plass til 10 personar fordelt på 3 soverom. Meir informasjon.
Stabben Fyr vart bygd i 1866, og ligg midt i skipsleia til Florø. Fyret dekker heile holmen det står på, og er eit populært fotomotiv. Ein kan overnatte på fyret, og det er også mogleg å leige det for dagsbesøk og middagar.
Geita Fyr ligg aust for Værlandet i Askvoll. Fyret vart bygd i 1897 og er i dag freda. Det er mogleg å leige fyret til overnatting og dagsbesøk. Meir informasjon.
For meir informasjon om besøk eller overnatting på fyra, ta kontakt med oss på mail@fjordkysten.no
Følg oss...
Facebook
Twitter
Youtube
Instagram