Langs FjordKysten finn du eit variert overnattingstilbod. Her kan du bu godt på moderne hotell, komfortable feriehus og hytter eller ei rorbu i sjøkanten. Eller kva med å tilbringe ei natt på eit fyr? Fellesnemnaren for alle tilboda er at den spektakulære naturen er like utanfor døra.
Mesteparten av overnattingstilbodet er småskala, med eit lokalt vertskap. Dei deler gjerne sine beste tips om kva du kan oppleve i området, og sørgjer for at du får mest mogleg ut av ditt opphald.
På denne sida finn du oversikt over overnatting i Gulen, Solund, Hyllestad, Fjaler, Askvoll, Kinn og Bremanger.
Skal du på fiskeferie er du komen til rett stad. Her kan du fiske på storhavet, i fjorden eller prøve lykka på innlandsfiske. Det er mange rorbuer i regionen, og desse er godt tilrettelagde for fiskeferiar. Her får du tilgang til båtar og fasilitetar for sløying og oppbevaring av fangsten. Vertskapet sørgjer for å tipse deg om dei beste fiskeplassane!
Er du på utkikk etter rimeleg overnatting, er det fleire campingplassar i området. Reiser du med bubil er det fleire tilrettelagte parkeringsstader, ofte i tilknytting til campingplassar eller ei av gjestehamnene. Her får du tilgang til servicebygg og det meste av fasilitetar. Vi oppmodar alle reisande med bubil å nytte seg av desse tilboda, og ikkje nytte rasteplassar for overnatting.
Følg oss...
Facebook
Twitter
Youtube
Instagram