Om
Solund Rorbuferie i Hjønnevåg fell naturleg inn i det spektakulære landskapet Solund har å by på. Her finn du tre rorbuer med høg standard, heilt nede i sjøkanten. Velkomen til spektakulære omgjevnadar heilt vest i Norge - med storhavet som nærmaste nabo!
OM RORBUENE
Solund Rorbuferie har tre rorbuer med høg standard. Kvar rorbu har plass til 6(8) personar og kan leiges heile året, i tillegg ein rorbu som kan leiges delar av året.
Solund Rorbuferie tilbyr utleige av båt slik at de kan oppleve øy paradiset frå sjøen. Om du ønskjer å komme sjøvegen har Solund Rorbuferie ein flytebrygge med uttak for straum. Her er og vann uttak på kvar ende av brygga. Nøkkel/betaling for å kople seg på straum skjer på Havkroa.
Nyt flotte dagar ved uteområdet. Her finn du ei grillhytte som er ope for alle gjestane med plass til 20 personar. Om du føler for litt avslapping kan du leige jacuzzien.
TURLØYPER
Ønskjer du å utforske nordsjøløypene i området finn du eit kart på Havkroa.
HAVKROA
På Havkroa servers det mat og drikke óg kioskvarer kvar dag i sommarferien. Ellers på året kan grupper på minimum 10 personar bestille. Havkroa tar imot bedrifter der alle måltid blir servert. Her kan de og arrangere barnedåpar, konfirmasjonar, bursdager osv. Havkroa kan ha konferanse for maks 30 peronar, og har alle fasiliteta på plass.
Følg oss...
Facebook
Twitter
Youtube
Instagram