Om
Svanøy Hovedgård Denne staselege hovedgården ligg vakkert til med utsyn over Svanøybukt og Brufjorden. Heilt sidan vikingtida har Svanøy vore eit knutepunkt og senter langs kysten. Svanøy Hovedgård var både adelssete og bispegods. Haugianerbevegelsen bygde hovedhuset slik det framstår no. Hovedgården tar i dag imot større og mindre grupper for overnatting, konferanse og servering. Her finn du roen, her kjenner du historia i veggane, her får du servert lokalprodusert mat frå øya og havet rundt. Vi trur du vil bli fornøgd.
Overnattingskapasitet: 21 dobbeltrom. Konferanserom til 40 pers. Norsk Hjortesenter ligg idyllisk til på Kvalstad Gard på sørsida av øya. Vi driv med oppdrett av hjort og dåhjort. Låven på garden huser i dag moderne konferanserom til 40 pers, serveringslokale til 140 pers, viltslakteri og kjøkken. Her kan du ha møter og ete nydeleg mat i fred og ro, utan å bli forstyrra av verken andre folk eller mobiltelefonen din. Ei omvisning blant dyra vil gje deg ei oppleving du seint vil gløyme. Du kan og prøve deg på øksekasting og bueskyting. Eller kva med skogskaffi i villmarksleiren etter ein strabasiøs tur på Vågsfjellet?
TripAdvisor
Følg oss...
Facebook
Twitter
Youtube
Instagram