Om
Ønskjer du ei heilt spesiell oppleving? Då er overnatting på Svanøy Hovedgård noko for deg. Her vil du finne roen, kjenne på historia i veggane og få servert lokalprodusert mat frå øya og havet rundt.
Føl deg som heime i dei mange stovene i denne ærverdige bygningen. På Svanøy Hovedgård vil du få anledning til å nyte maten i spisestova med handmåla tapetar medan du nyt utsikta til hagen og bukta nedanfor - slik aldesmenn og haugjenarar gjorde i si tid. For denne staselege hovedgården ligg vakkert til med utsyn over Svanøybukt og Brufjorden. Heilt sidan vikingtida har Svanøy vore eit knutepunkt og senter langs kysten. Svanøy Hovedgård var både adelssete og bisepegods. Haugianerbevegelsen bygde hovedhuset slik det framstår no.
Hovedgården har overnatting til 40 personer. Det vil bli servert frukostbuffé, og du kan bestille 3 retters middag på fredags kvelden. Lunsj etter førespurnad.
SVANØY
På Svanøy kan du vandre i Eirik Blodøks sine fotspor, høyre om tida som adelssete og om driftige Haugianarar i si tid, medan du nyt den vakre naturen. Med turstiar på fjell og langs vatn, lune badevikar, flotte sykkelvegar og havet utanfor, er det berre fantasien som set grenser for aktivitetane.
OVERNATTING
Svanøy Hovedgård tilbyr overnatting i desse periodene:
Fredag 30.10 - laurdag 01.11
Fredag 06.11 - laurdag 07.11
Fredag 27.11 - laurdag 28.11
Fredag 04.12 - laurdag 05.12
*Overnatting frå fredag til søndag, kun på forespørsel.
MENY
4-retters viltmeny på Svanøy Hovedgård
Dato: Fredag 30. oktober og fredag 6. november
- Hjorte tapas: Varmrøykt hjortehjerte - tunge - dillstuet potet og haustsalat
- Skogsopp suppe - Krispy spekeskinke - kantareller
- Hjorte Carré: Bakte beter - gratinert blomkål - rosenkål - soppsaus med sherry - småpoteter
- Multe Parfait - krumkake
PRIS: 695,- per person
Drikkepakke 4 glas: 440,- per person
Lutafiskaften på Svanøy Hovedgård
Dato: fredag 27. november og fredag 4. desember
Vår anarkjente lutafisk av torsk frå Lofoten. Servert med gul ertestuing, kålrotstappe, baconfett, sennep og lærdalspoteter. Spis så mykje du vil.
Gårdspudding - krem
PRIS: 495,- per person
Du kan i tillegg kjøpe lutafisk akevitt og lokalt Kinn øl!
Velkomen til ei herskapeleg oppleveing! Vi anbefaler deg å vere rask med årets booking!
Følg oss...
Facebook
Twitter
Youtube
Instagram