Er du på utkikk etter fartsfylte aktivitetar? Eller reiser du med familien, og vil ha ein pause frå kvardagens stress og mas? I FjordKysten vil du finne noko for ein kvar smak. Vi garanterer spektakulær natur og gode opplevingar!
Du kjem ikkje lenger vest i Norge enn hit. Naturkreftene er kraftfulle her kor dei mektige fjordane møter storhavet i vest. Landskapet har blitt forma gjennom tusenvis av år og byr på store variasjonar innan korte reiseavstandar. Her finn du eit variert tilbod av aktivetar og opplevingar – både på land og ikkje minst på, under og over havoverflata.
Drøymer du om ein avslappande ferie kan du besøke våre kulturelle og historiske attraksjonar, eller berre nyte naturomgivnadane.
På denne sida håper vi du finn idear og inspirasjon til din draumeferie. Velkomen til små og store eventyr langs FjordKysten!
Følg oss...
Facebook
Twitter
Youtube
Instagram