FjordKysten er eit eldorado for padling. Med tusenvis av øyar, holmar og skjer i vakker urørt natur gir kysten av Sogn og Fjordane deg nokon av dei beste padleopplevingane Norge har å by på. Oppdag øyriket med holmar, skjer, lune viker og kvite strender.
Norway Adventures, Norsk Kystkulturakademi og Sjøbris Adventure tilbyr guida kajakkturar. Alle har turar som vil begeistre alt frå nybegynnarar til den mest erfarne kajakkpadlar. Fleire overnattingsbedrifter tilbyr utleige av kajakk.
Ein kjem ikkje lenger vest i Norge enn til øyane i Solund, Bulandet og Værlandet – ofte omtalt som ”Norges Venezia”. Dette området er som skapt for padling med eit mylder av små og store øyar, holmar og skjer. Vegen er kort ut på storhavet, samtidig som øyane gir ly for vind og bølger. Mange tek turen hit om hausten for å surfe på bølgene.
I Måløy kan du padle langs kvite strender og stupbratte fjell. Opplev gamle handelsstader og eit rikt dyreliv. Skjergarden rundt Florø byr på flotte forhold for padling. Ta turen til ein av dei mange øyane rundt byen eller langs ein av fjordane, som gir ly for vinden og fine forhold for padling.
Blegja i Askvoll blir gjerne kalt Dronninga blant fjella i Sunnfjord, og ikkje utan grunn. Med sine 1304 m.o.h. er Blegja den høgste fjelltoppen i FjordKysten. Blegja byr på utsikt heilt til Jostedalsbreen og dei 7 fjella rundt Bergen, 100 km vekke! Ei spektakulær naturoppleving!
Bestig den Norske hest – fjellet som stig nærmast loddrett opp av havet! 481 meter høgt og synleg meir enn 100 km til havs er Alden eit av dei mest markante seglingsmerka på vestlandet. Frå toppen har du fantastisk utsikt i alle retningar!
Populær topptur med fantastisk utsikt over Dalsfjorden og øyane i vest. Merka tursti frå p-plass på Otterstein (Askvoll-sida av Dalsfjordbrua). Turen er relativt krevande, men det er ingen klatring. Nyt flott utsikt 761 meter over havet.
Majestetisk, trolsk og utfordrande - dette er ord som vert brukte om Lihesten, dette landemerket og samlande symbolet for Hyllestad. Alt i vikingtida var fjellet eit viktig landemerke, og Olav Kyrre søkte ly under fjellet og vurderte å leggje ein by til Lifjorden. Det er mogleg å gå mange turar og bruke mykje tid i dette særmerkte fjellmassivet i Hyllestad
Pollatinden er det nest høgste fjellet i Solund og vert omtale som dronninga av øyriket. Om det er det at fjellet er det nest høgaste fjellet i kommunen som er opphavet til dronningnamnet, eller det faktum at Dronning Sonja gjentatte gongar har besteget fjellet veit ingen. Fjellet ruvar 541 meter over havet og byr på fantastisk utsikt over dei vestlegaste øyane i Norge.
Hardbakke ligg ved foten av fjellet Ravnenipa. Det er merka med vardar til toppen av fjellet, både frå nord- og sørsida. Frå toppen av fjellet har ein flott utsikt vestover og ein kan sjå heile kommunesenteret. Det er merka tursti rundt Ravnenipa. Bergarten konglomerat, som prydar heile kommunen, gjer også at moglegheitane for klatring er svært gode.
La deg forføre av vakker utsikt 613 meter over havet. Veten er det høgste punktet i Vågsøy, og dannar saman med Brurahornet bakgrunnen for byen Måløy. Start turen ved Måløy stadion. Her kan du enten parkere ved stadion eller følgje vegen vidare opp til vannverket nedanfor Skramsvatnet. Nyt utsikta over store delar av Vågsøy og Stadhavet frå toppen
Hanekammen ligg 652 meter over havet og byr på vakker utsikt over heile Vågsøy, Stadthavet, innover langs Nordfjorden samt delar av Bremangerlandet. Turen startar ved å svinge av ved butikken på Deknepollen. Køyr deretter 500 meter og ta av mot høgre. Følg vegen til toppen av byggefeltet, ta til venstre og parker langs vegen etter ca. 100 meter. Herfrå finn du ein gruslagt bakke med eit skilt som peiker mot Hanekammen.
La utsikta ta pusten og nyt utsynet over mylderet av øyar frå den høgste toppen i Flora skjergarden! Med sine 492 m.o.h. er Store Batalden den høgste fjelltoppen på øyane vest for Florø. Her kan du nyte synet av den vakre naturen som gjer skjergarden rundt Florø heilt unik!
På Store Batalden kan du også besøke den prisbelønte Batalden Havbu med museum, kunstutstilling og overnatting. Batalden Havbu har mellom anna blitt tildelt Olavsrosa for si formidling av kystkultur.
Bestig Europas høgste sjøklippe! Dette er turen for deg som er ute etter ei spektakulær oppleving. På toppen (860 m.o.h.) er det storslått panoramautsikt over tronge fjordar og høge fjell til små øyer yst i havgapet.
Langs heile FjordKysten er det flotte forhold for sykkelturar. Ta med deg sykkelen på øyhopping! Her ute ligg øyane som perler på ei snor, med lite trafikkerte vegar som innbyr til fine natur- og sykkelopplevingar. Ferjer og båtar frakter deg mellom øyane, og er ei oppleving i seg sjølv. Det er også flotte forhold for sykling på fastlandet, og her kan du kombinere sykkeltur med spanande kulturopplevingar.
Ingen resultater funnet
Dei lokale turistkontora gir deg god og nyttig informasjon.
Copyright © 2021 FjordKysten
Følg oss...
Facebook
Twitter
Youtube
Instagram