© Petur Thor Photography
I Kvernsteinsparken i Hyllestad kan barne prøve seg på ulike aktivitetar som pil og boge, eller jakte på Kvernsteinstrollet. Kva med å ta med heile familien på ein guida kajakktur eller prøve deg på SUP eller frisbeegolf i Solund
Opplev naturen frå ein heilt ny vinkel og utfordre deg sjølv både i vatn og på klipper. Coasteering er ein kombinasjon av fridykking, svømming, klippehopping og buldring. Dette er ein aktivitet som kan tilpassast alle aldre og er eit ypperleg utgangspunkt for teambuilding eller ein utfordring for familien
Nyt late dager på ein av Norges flottaste strender, Refviksanden. Ta med familien på ein stranddag, snorkle etter fisk, surf eller berre ligg på madrassen og nyt livet.
Kystmuseet legg til rette for aktiviteter for barn. Historiske utstillinger, oljeutstilling, friluftsmuseum og museumsløype
Sørstrand Folkepark er eit friluftsområde som ligg to kilometer frå Florø sentrum, rett i austenden av flyplassen. Den flotte stranda på Sørstrand er det mest populære badeområdet i Florø. Her er eit yrande folkeliv dei dagane det er sommar og sol, men staden blir óg nytta til rekreasjon ellers i året. Det er bygd bruer ut til dei to holmane sør for stranda så her er plass til alle.
FjordLagunen ligg vakkert og lunt til i sjøkanten, 7 km frå Askvoll sentrum. Her kan du nyte det opne landskapet med panoramautsikt over fjorden og fjella i bakgrunnen. Sjøsportsenteret tilbyr aktivitetar som leikeapparat i vatn og leige av vannski, vannscooter og tube
I naturskjønne omgjevnader på Nesbø i Bremanger finn du Mestringsgården klatrepark. Her kan du prøve deg i 2 ulike klatreløyper. Undervegs i klatreløypene kan du utfordre deg sjølv på spennande hinder. Hindera utfordrar balansen og byr på artige opplevingar som du kan dele i lag med andre.
Alle kommunane i tidlegare Sogn og Fjordane har ei dagsturhytte. Dette er lavterskelturar som passar dei fleste og hyttene er opne heile året. I hyttene er det lagt ut barnebøker på nynorsk.
Fleire tips om kva du og familien kan gjere finn du her.
Heile familien storkoser seg på hytteferie ved sjøen. God plass og rolege dagar med turar til fots eller på sjøen i nærområdet er balsam for sjela for liten og stor.
Langs FjordKysten er det eit rikt utval av hytter og feriehus, finn di drøymehytte her
Dei lokale turistkontora gir deg god og nyttig informasjon.
Copyright © 2021 FjordKysten
Følg oss...
Facebook
Twitter
Youtube
Instagram