Men fortvil ikkje om du kjenner på at du er lei regnet, det fins mange aktiviteta og attraksjonar som er tilgjengelig i all slags veir. Vi gir deg 10 tips for regnvéirsdag
Ta deg ein tur innom dei mange museum og galleria vi har langs FjordKysten. Her kan du få eit innblikk i spennande kultur og historie der du blant anna kan sjå glimt av dagleglivet frå kysten - frå steinalderen til oljealder, høyre ein dramatisk historie frå andre verdenskrig, formidlet blant annet med autentiske lyd- og videopptak. Eller kanskje du ønskjer å få eit heilskapleg bilete av livet i øysamfunna langs FjordKysten?
Ta på deg regntøyet og opplev det enormt skiftande veiret i løpet av kort tid. Du finn godt merka turløyper langs heile regionen, enten du ønskjer ein lengre tur, eller bare ønskjer å lufte deg litt. Og kva er vel kjekkare for borna å hoppe i sølepyttar, eller å lage demningar? Slapp av etter turen med varm kopp kakao og ein spennande tv-serie. På nettet fins det mange spennande dokumentarar frå vårt område.
Restaurantene langs FjordKysten har fokus på menyer med lokale råvarar, kystkultur og kulinariske skattar. Her tilbyr dei alt i frå mat frå havet som spesialiteta til internasjonale delikatesser der ferske råvarar står i spissen. Kanskje du føler deg frista til å prøve noko nytt, eller ønskjer å smake det beste i frå havet. Prøv ein lokal spesialitet eller ein internasjonal rett – valget er ditt!
Besøk ditt lokale bibliotek, lån koselige bøker, filmer og lydbøker og legg deg under pleddet med varm kakao medan du høyrer plaskeveiret utanfor.
Ta på deg regntløy og ta deg ein tur på stranda. Her kan du lage ein samling av ting du finn i fjæra. Kanskje du ønskjer å vere med å bidra til mindre marin forsøpling langs FjordKysten? Strandrydding er eit viktig verktøy for å halde havet reint. Her kan du bidra til å auke bevisstheit rundt det å ta vare på naturen. Registrer din rydding på Fjordane Friluftsråd sin heimeside her.
På ein regnvéirsdag er det perfekt å kunne oppleve dei fantastiske øyane vi har i båt med tak over hovudet. Opplev majestetiske fjell og ope hav langs FjordKysten, bli med dei lokale postbåtane når dei skal levere post ut i øyane, eller bli med på ein rundtur i florabassenget der du kan sjå øysamfunnet på nært hald. FjordKysten er binda saman av Norled som har daglig avgang langs regionen.
Regnvéir og yr blir sett på som det perfekte fiskevéiret og regionen vår er eit eldorado for sports- og hobbyfiskarar. Her kan du fiske både i sjø, elv og vatn og få fisk som makrell, sei, torsk, hyse, lange, krabbar og kreps. Om du kastar snøret djupt nok kan du også få kveit og breiflabb på kroken. Vinterfiske er eit heilt spesiell oppleving og det er ofte då ein får dei største fiskane på kroken.
Fiske har alltid vore viktig for samfunna langs kysten. Her fins det framleis tradisjonelle fiskevêr og øyar der fiske er den viktigaste inntektskjelda for innbyggjarane. Her finn du hytter, rorbuer og sjøhus som har lagt forholda spesielt til rette for fiskeferiar. Desse ligg like ved sjøen og har tilgang til gode båtar og fasilitetar for preparering og oppbevaring av fangsten. Du kan også bli med ein lokal fiskar på guida fisketur og få tips om dei beste fiskeplassane. Fleire av overnattingsstadane tilbyr guida fisketurar på førespurnad.
Tryggleik på sjøen
Vêiret langs kysten kan skifte brått. Sjekk alltid vêirmeldinga og hugs å ta med varme klede og nødvendig tryggleiksutstyr før du legg ut på fisketur.
Utfordre deg sjølve og test dine grenser med å bevege deg i vatn og på land langs klipper i sjøkanten. Her kan du både hoppe, dykke, klatre og leike. Aktiviteten passar perfekt for born som vaksne.
Kvalitetssikra coasteeringsturer
For at aktiviteten skal gjennomførast på ein forsvarlig måte ber vi dykk kontakte bedrifter som har kvalitetssikra coasteeringsturer. Her får de sikkert utstyr for å gjennomføre aktiviteten på ein trygg måte, samtidig som de beheld spenninga.
Vinteren langs FjordKysten er ofte ei stormfull oppleving, kombinert med eit fantastisk vinterlys. November til februar er høgsesong for stormar! Kaldt vêr med snø er heller sjeldan på våre kantar. Vindfulle dagar har vi derimot mykje av! Regionen er det mest stormfulle området i Sør-Norge, og det byr på spektakulære naturopplevingar! Fyr i peisen, kryp under teppet og nyt varm drikke i koppen saman med dine nærmaste. Å sjå bølgjene slå mot land frå eit utsiktspunkt i havgapet er eit fasinerande syn. Meir informasjon her.
Kva er vel ikkje betre enn å avslutte dagen med noko godt i glaset innandørs. Her kan du nyte alt i frå lokalt brygga øl til vin i frå eksotiske land. Kombinere noko godt i glaset med mat frå lokale råvarer. Her finn du ein oversikt langs FjordKysten
Viss du har ein heil dag disponibel kan du gjere dette om til ein dagstur der de besøkjer bryggeriruta i Fjordane. Bryggeriruta byr på 3 bryggeri som lagar utsøkt handverksøl og cider, god lokal mat, fjord, fjell og kyst! Du kan velje om du vil ta ei rundreise langs Bryggeriruta eller besøke bryggeria kvar for seg. Du reiser lett og rimeleg mellom stadane på ruta ved å nytte deg av FJORDcard, der du reiser så mykje du vil i 5 dagar med ekspressbåtane mellom Bergen - Nordfjord og Bergen - Sogn.
Dei lokale turistkontora gir deg god og nyttig informasjon.
Copyright © 2021 FjordKysten
Følg oss...
Facebook
Twitter
Youtube
Instagram