FjordKysten byr på fantastiske forhold for dykking. Stor artsrikdom, spennande dykketerreng og mange vrak å dykke på gjer at dykkarar frå heile verda tar turen til regionen. Gulen Dykkesenter er eit av Norges beste dykkesenter og tek deg med på profesjonelle dykkeopplevingar året rundt.
Du kjem ikkje lenger vest i Norge enn til øyane i Solund, Bulandet og Værlandet - ofte omtalt som "Norges Venezia". Dette området er som skapt for padling med eit mylder av små og store øyer, holmar og skjer som gir ly for vind og bølgjer. Samtidig er vegen ut på storhavet kort. Mange tek turen hit om hausten for å surfe på bølgjene, og Askvoll Kajakklubb arrangerer “stormsamling” i Bulandet kvart år!
I Vågsøy kan du padle langs kvite strender og stupbratte fjell. Opplev gamle handelsstader og eit rikt dyreliv. Skjergarden rundt Florø byr på flotte forhold for padling. Ta turen til ein av dei mange øyane rundt byen eller langs ein av fjordane, som gir ly for vinden og fine forhold for padling.
Norway Adventures, Norsk Kystkulturakademi og Sjøbris Adventure tilbyr guida kajakkturar. Begge har turar som vil beigeistre alt frå nybegynnarar til den mest erfarne kajakkpadlar. Fleire overnattingsbedrifter tilbyr utleige av kajakk.
Omgitt av ope hav og fjordar i Norges vakraste skjergard er forholda perfekte for sjøfiske året rundt. Her finn du hytter, rorbuer og sjøhus som har lagt forholda spesielt til rette for fiskeferiar. Desse ligg ved sjøen og har tilgang til gode båtar og fasilitetar for preparering og oppbevaring av fangsten. Du kan også bli med ein lokal fiskar på guida fisketur og få tips om dei beste fiskeplassane. Fleire av overnattingsstadane tilbyr guida fisketur på førespurnad.
Flekke- og Guddalsvassdraget i Fjaler strekker sego m lag 30 km frå Flekkefjorden til fjellet i Guddal og har god bestand av laks og sjøaure. Huseklepp Fiskeskule i Guddal tilbyr kurs og guida fisketurar. Det er fleire overnattingsbedrifter nær vassdraget som har tilrettelagt for innlandsfiske med sal av fiskekort og eigna fasilitetar.
I Florø finn ein Osenvassdraget, som med 44 km med elvar og fiskevatn har lange tradisjonar innan lakse- og ørretfiske.
Bli med på Havørnsafari og opplev den majestetiske havørna på nært hold. Med ”den norske hest” Alden, som storslagen kulisse er dette ei rå naturoppleving. Dei fleste vil nok oppleve det som svært spennande å oppleve havørn med eit vingespenn opp til 2,5 meter så nær. Her vil du få veldig gode høve for å få nokre fantastiske blinkskot av både havørn og anna dyreliv. Turen startar med utgangspunkt i Værøyhamna på Værlandet.
Bli med Explore 62 North på Havørnsafari ved Vågsøy. Bli med seglbåten "Westland" og sjå dei majesteriske havørnene. Vi tar med makrell som åte for å lokke dei fram, alt du treng å hugse er fotoapparat, varme klede og batteriar.
Langs heile FjordKysten ligg øyane som perler på ei snor, med lite trafikkerte vegar som innbyr til fine natur- og sykkelopplevingar. Ferjer og båtar frakter deg mellom øyane, og er ei oppleving i seg sjølv. Her har vi satt saman nokon populære sykkeltips, så er det berre for deg å ta med deg familien eller vennegjengen og utforske øyrika. Tips for overnatting undervegs finn du på fjordkysten.no.
Den vakre Laukelandsfossen i Dalsfjorden kan by på ei heilt spesiell badeoppleving. Frå sjøen ser du ikkje at det er ein stor fin kulp under fossen, og du kan til og med smyge deg bak sjølve fossefallet, ei heilt spesiell badeoppleving! Til Laukelandsfossen kjem du med båt, eller du kan låne deg kano eller kajakk i Badevika i Dale, og padle over fjorden (henvending til Fjaler kommune, servicekontoret, tlf. 57 73 80 00).
Dei lokale turistkontora gir deg god og nyttig informasjon.
Copyright © 2021 FjordKysten
Følg oss...
Facebook
Twitter
Youtube
Instagram