Foto: Håkon Haukøy.
Spektakulære Lihesten (777 moh) er eit kjent landemerke på kysten og sannsynlegvis eit av dei mest fotograferte fjella i regionen. Lihesten har eit nettverk av turstiar og du kan bruke fleire dagar på å utforske dei. Fjellet er også populært blant fjellklatrarar. Ein rundtur til dei mest besøkte toppane på fjellmassivet tar omtrent 8 timar.
TURBESKRIVELSE (Ein veg)
Tid: Dagstur
Høgd: 777 meter over havet
Lengd: 5,4 km
Sesong: April til September
Gradering: Svært krevjande
Foto: Kieran Kolle.
Alden reiser seg 481 meter opp av havet, og er eit kjent seglingsmerke langs Norskekysten. På grunn av si særprega form er Alden kjent som ”norskehesten”. Utsikta frå toppen er storslått!
TURBESKRIVELSE (Ein veg)
Tid: 1,5 time
Høgd: 480 meter over havet
Lengd: 2,6 km
Sesong: Heile året
Gradering: Middels
Foto: Sara Marie Ytreøy.
Bestig Europas høgste sjøklippe! Turen opp er krevjande og tidvis bratt, men belønninga er ei storslått utsikt! Frå toppen av Hornelen kan du nyte panoramautsikt til det varierte og vakre landskapet med høge fjell, tronge fjordar og øyar i havgapet. Om du tør, kan du leggje deg ned på kanten og sjå rett ned på båttrafikken – 860 stupbratte meter under deg!
TURBESKRIVELSE (Ein veg)
Tid: 4/5 timar - avhengig av kvar du startar
Høgd: 860 meter over havet
Lengd:
Sesong: Mars til Oktober
Gradering: Svært krevjande
Foto: Truls Kleiven.
Med over 40.000 turgåarar i året er Brandsøyåsen (286 moh) i Florø det mest populære turmålet i Sogn & Fjordane. Det er fleire stiar til toppen og du kan gå frå sentrum av Florø. Frå toppen er det storslått utsikt til den flotte naturen som omgir Norges vestlegaste by!
TURBESKRIVELSE (Ein veg)
Tid: 30 min. til 1 time - avhengig av kvar du startar
Høgd: 286 meter over havet
Lengd: 2,1 km
Sesong: Heile året
Gradering: Lett til Middels
Foto: Gustav Skaar
Skålefjellet byr på fantastisk utsikt 767 meter over havet! Det går fleire ruter til toppen av Skålefjellet, og fjellet er lett tilgjengeleg både frå aust, sør og vest.
TURBESKRIVELSE (Ein veg)
Tid: omlag 2,5 timar
Høgd: 767 meter over havet
Lengd: 6 km
Sesong: Mai til Oktober
Gradering: Middels krevjande
Foto: Hildur Ytreøy.
Solund er eit vakkert øyrike med meir enn 1700 øyer, holmar og skjær. Pollatinden (541 moh) er den nest høgste toppen i kommunen og byr på fantastisk utsikt over dei vestlegaste øyane i Norge.
TURBESKRIVELSE (Ein veg)
Tid: 1-2 timar
Høgd: 541 meter over havet
Lengd: 2,2 km
Sesong: Heile året
Gradering: Middels krevjande
Foto: Rodrigo Cordova.
Store Batalden (495 moh) er det høgste punktet på øyane som omkransar Florø. Frå toppen kan du nyte utsikta over skjergarden med eit mylder av øyar. På Store Batalden er det også kunstgalleri, museum og overnatting i historiske bygningar.
TURBESKRIVELSE (Ein veg)
Tid: 1,5 time opp
Høgd: 492 moh.
Lengd: 4 km
Sesong: Heile året
Gradering: Middels
La deg forføre av vakker utsikt 613 meter over havet. Veten er det høgste punktet i Vågsøy, og dannar saman med Brurahornet bakgrunnen for byen Måløy. Start turen ved Måløy stadion. Her kan du enten parkere ved stadion eller følgje vegen vidare opp til vannverket nedanfor Skramsvatnet. Nyt utsika over store delar av Vågsøy og Stadhavet frå toppen
TURBESKRIVELSE (Ein veg)
Tid: ca. 1 time
Høgd: 613 meter over havet
Lengd: 4 km
Sesong: Heile året
Gradering: Middels
Hanekammen ligg 652 meter over havet og byr på vakker utsikt over heilt Vågsøy, Stadthavet, innover langs Nordfjorden samt delar av Bremangerlandet. Turen startar ved å svinge av ved butikken på Deknepollen. Køyr deretter 500 meter og ta av mot høgre. Følg vegen til toppen av byggefeltet, ta til venstre og parker langs vegen etter ca. 100 meter. Herfrå finn du ein gruslagt bakke med eit skilt som peiker mot Hanekammen.
TURBESKRIVELSE (Ein veg)
Tid: 1 time, 30 minutt
Høgd: 652 meter over havet
Lengd: 5,2 km
Sesong: Februar - November
Gradering: Middels
Med sine 232 moh har Ramnenipa ein fantastisk utsikt over Hardbakke og Solund. Løypa har grøn gradering og passar til både born og vaksen. Den mest brukte vegen er ved fotballbana på Hardbakke. Frå butikken går du opp Storehaugen og gjennom gaten til du kjem ut på ein grusveg. Her tar du til venstre og går langs med fotballbana. Her finn du ein sti som tar deg heilt opp på fjellet. Du kan gå opp eller ned frå sør og nord sida.
TURBESKRIVELSE (Ein veg)
Tid: 1 time
Høgd: 232 meter over havet
Lengd: 3,4 km
Sesong: Heile året
Gradering: Enkel
Dei lokale turistkontora gir deg god og nyttig informasjon.
Copyright © 2021 FjordKysten
Følg oss...
Facebook
Twitter
Youtube
Instagram