Om
Bakkejekta er ein kopi av Norges eldste bevarte trebåt, frå omlag 1750. Bakkejekta er bygd på same måte, med hogde bord. Båten er rigga slik vikingskipa var for tusen år sida.
Du kan bli med Bakkejekta på skumringstur på den vakre Dalsfjorden kvar tysdag i juli. Avgang klokka 19:00. På vegen over fjorden kan du høyre historier om livet frå den gong fjorden var ferdselsvegen og jektene hadde si storheitstid. Du vil og få høyre historia om Ingolfr Arnarson. Han var frå Rivedal og den første som busette seg på Island. I Rivedal har den islandske stat sett opp ei statue av mannen som dei meiner grunnla landet deira.
Følg oss...
Facebook
Twitter
Youtube
Instagram