Brandsøyåsen er eit flott utsiktspunkt midt i Florø, som kan nås til fots og med sykkel. Brandsøyåsen er det viktigaste fotturområdet i Florø, då det fungerer som nærområde for dei fleste av byen sine innbyggjarar. Frå toppen (286 m.o.h.) har ein flott utsikt over Florø by, fjell, fjord og den vakre skjergarden i vest.
Det er stiar til toppen av åsen frå mange kantar. Ikkje alle stiane er merka, men dei fleste løypene har tydeleg sti og det er lett å finne fram.
Turbeskriving
1. Sti frå Nybømarka/Fagerdalen.
Ein svært mykje brukt sti. Ein kjem inn på stien frå Nybømarka, Dyreholtvegen, Krokavegen eller Botnaholten. Dette er den mest brukte stien opp Brandsøyåsen for folk som bur på Krokane. Gjennom Fagerdalen er det opparbeid grusa gangveg mellom Krokavegen og Ragnarrud-området. Frå Fagerdalen kjem ein opp på Torvmyrane, der ein krysser hovudvegen og følgjer stien vidare bak Torvmyrane Skule. Ca. 45 min gange til toppen. Dette er den lengste vegen opp, men også den mest varierte. På stien frå Torvmyrane skule er det gjort mykje godt dugnadsarbeid dei siste åra og det går fint å gå tørrskodd opp til toppen.
2. Sti langs Kvernhuselva på Solheim.
Ved sida av stien frå Nybømarka er dette den mest brukte stien til Brandsøyåsen. Florøfolk vel ofte denne vegen, som er den kortaste til toppen. Stien er myrlendt og fuktig i øvre del av Tofleskaret. Ca. 30 minutt til toppen.
3. Sti frå Solheimsstranda.
Mindre brukt enn 1 og 2, men eit fint alternativ. Bratt sti første stykket, deretter eit svært fint parti gjennom gamal furuskog. Nokre fuktige parti. Vel 30 minutt til toppen.
4. Telenor sin veg frå Brandsøy Planteskule.
Ca. 2,5m brei asfaltert veg. Mykje brukt som spaserveg og sykkelveg opp til toppen. Godt opparbeidd parkeringsplass. Godt alternativ for eldre eller funkjonshemma, men også for andre, t.d. familiar med barnevogn. Her kan ein gå søndagstur utan å kle og sko seg for ein tur i marka. Ved vanskelege vêr- eller føretilhøve, t.d. store nedbørsmengder eller ein halv meter våt snø i skogen, er vegen eit brukbart alternativ for alle. Fin akebakke når det er mykje snø om vinteren! Ca. 40 min spasertur til toppen.
5. Norefjell.
Ein følgjer den asfalterte vegen frå Brandsøy til bommen, deretter tar ein av på sti til høgre. Store delar av stien er gruslagt, bortsett frå der det er bratt terreng. Flott utsikt undervegs der ein går langs fjellryggen av Brandsøyåsen. Dette er etterkvart blitt ein mykje brukt sti. Ca 50 min til toppen.
6. Havikbotn-Skaret-Brandsøyåsen.
Lite brukt rute. Brukbar, delvis tydeleg sti opp den bratte bjørkelia før ein kjem inn på hovudstien til toppen. Tid opp ca. 30 minutt, ei svært kjapp rute.
7. Krokane skule - Brandsøyåsen.
Stien startar frå Dyreholtvegen, og går opp den bratte lia sør for Botnaholten. Noko myrlendt første stykket etter oppstiginga. Etter 10 minutts gange kjem ein inn på rute 1. Ca. 40 minutt til toppen.
Ikkje gløym å skrive deg inn i turboka på toppen! God tur!
Kinn Kommune, KinnKinn kommune blei etablert 1. Januar 2020 og består av dei tidligare kommunane Flora og Vågsøy. Kommunen består av to geografiske adskilte deler. Reisetida mellom Måløy og Florø er 3 timer og 15 minutt med bil og 1,5 time med båt. Det går kystvegekspress mellom Florø og Måløy.
Turistinformasjonen i Florø, KinnTuristinformasjonen tipsar deg om kjekke ting å gjere på kysten av den nordlige delen av Vestland fylke - gjennom heile året.
Florø, KinnFlorø er Norges vestlegaste by og byr på sjarmerande småbyliv. Her kan du nyte småbyidyllen samtidig som du har kort avstand til spanande aktivitetar og naturopplevingar.
Dei lokale turistkontora gir deg god og nyttig informasjon.
Copyright © 2021 FjordKysten
Følg oss...
Facebook
Twitter
Youtube
Instagram