Om
Florø Skyssbåt AS er eit selskap som driv skyssbåttrafikk langs kysten. Vi disponerer fem skyssbåtar, alle med base i Florø, og tar gjerne oppdrag langs heile Vestlandskysten. Som største aktør på chartermarknaden i Sunnfjord kan vi skreddarsy turen slik at den passar for deg og fine behov.
Florø Skyssbåt AS utfører rutetrafikk med passasjerar, bil og last, ambulanse, losteneste, buksering, blåturer og charterturer.
BÅTANE VI HAR
M/S ØYSERVICE
Er ein hurtigferge som kan ta både passasjer og last/biler. Båten går i dagleg rute i vestre område i Florabassenget, samt nokon ruter i nordre område. Vårt fokus er komfort for passasjerar med å leggje vekt på smakfull innreiing, behagelege stoler og dempa støynivå.
Øyservice er ein populær charterbåt og er tilrettelagt for kurs/konferanse mede LCD-skjermer og lydanlegg med mikrofon i salongen.
Kapasitet: 70 passasjerer og 4 biler, samt last
M/S SEA SERVICE
Er ein kombinert rute-, charter-, ambulansebåt, og er tilpassa desse formåla. Båten har to daglege ruter til ruteområdet nord i Florabassenget, samt at den er hovudbåt for ambulanseberedskap. Sea Service er ein utmerket charterbåt.
Kapasitet: 49 passasjerer
M/S DAGNING
Er ein båt som blir brukt som avløyserbåt for eigne fartøy, og fartøy i andre selskap. Båten blir brukt i charteroppdrag.
Kapasitet: 53 passasjerer
M/S FJORDSERVICE
Er ein taxibåt som tar opp til 10 passasjerer + fører. Båten eigna seg for skyss til mindre grupper på inntil 10 personer. Båten har tre lugarer for eventuell overnatting.
Kapasitet: 10 passasjerer
M/S KVANHOVDEN
Er ein rein losbåt frå 2018. Båten betener losbringertenesten i Florø, ein kontrakt som løper til 2026. Båten kan chartes til andre oppdrag og har ein kapasitet på 12 passasjerer + mannskap
Kapasitet: 12 passasjerer
Ta kontakt for forespørsler og informasjon.
Følg oss...
Facebook
Twitter
Youtube
Instagram